Når bokhandelen blir kulturhus
Bokhandel er meir enn ein bok-butikk. Tre mindre bokhandlar på Sørvestlandet satsar på forfattar-besøk og kultur-arrangement, slik at bokhandelen blir ein endå viktigare kulturell møteplass for lokalsamfunnet.
Merkur-programmet er godt i gang med eit pilotprosjekt det bokhandlane i Farsund, Suldal og Sokndal får hjelp til å forsterke rolla si som ein sosial og kulturell arena.
– Bokhandlarane ønskjer å utvikle butikken sin. Det er snakk om å etablere lokale «kulturhus», med forfattarkveldar, signeringar, temakveldar, foredrag og minikonsertar. Målet med desse aktivitetane er at bokhandelen skal selje fleire bøker og få fleire bein å stå på, seier prosjektleiar og Merkur-konsulent Lars Helgeland.
Populære arrangement
Farsund Libris har kome best i gang. I november var det italiensk aften med Klaus Hagerup & Bibbi Børresen, sjømannskveld med Lasse Trædal, vinkveld med Ingvild Tennfjord og boklansering med Kåre Rudjord. På to av arrangementa deltok også lokale songkor. Publikum fekk tilbod om både vin og småmat.
Responsen på kulturkveldane har vore god. 40-80 personar har deltatt på kvart arrangement. Boksalet har vore strykande og stemninga god. Det første arrangementet skjedde i sjølve bokhandelen, som vart gjort om til ein intim italiensk kafé. Seinare har dei måtte finne eit større lokale.
I februar har det vore motivasjonskveld med Dag Otto Lauritzen og historiekveld med Vetle Lid Larsen – med to rettars meny krydra av arabisk tradisjon.
Fleksible lokale
Bokhandelen i Farsund har behov for større lokale, slik at dei kan gjennomføre fleire arrangement i sjølve butikken. Sauda Libris Sokndal ønskjer å byggje om litt av butikken, slik at den blir meir egna til kultur-arrangement. Ryfylke Bok & IT på Sand i Suldal har liknande planar. Alle vil gjennomføre kultur-arrangement med utgangspunkt i bøker eller forfattarar.
Bokhandlane ønskjer å få ei sterkare rolle som bygdas eller småbyens møteplass. Når bokreolane står på hjul, er det lett å utvide ein liten kaffikrok til eit intimt møterom på kveldstid.
Styret i Merkur har løyvd til saman 500.000 kr til nødvendige investeringar i dei tre utvalde bokhandlane. Bokhandlane i distrikta har så langt ikkje hatt tilbod om støtte til investeringar, slik som dagligvarebutikkane. Det er første gong at Merkur går inn med investeringar i bokhandel. Ei av målsettingane med prosjektet er å prøve ut ei støtteordning tilpassa dei store utfordringane som bransjen har.
Fokusere på bøker
Mange bokhandlarar i distrikta opplever fallande omsetnad og dårlegare lønsemd. Merkur-konsulent Lars Helgeland meiner at det no er viktig å fokusere på fag og faghandel. Bøker er meir enn ei vare. Bokhandelen har tilsette med fagkunnskap. Og bokhandelen er ein møtestad for kulturelt interesserte.
– Erfaringane i Farsund viser at det er godt muleg å utvikle bokhandelen som kulturell møteplass, seier Lars Helgeland.