Butikken er viktig for sal av lokalmat
– Nærbutikken er ein av grunnpillarane i bygda. Den er heilt avgjerande for å ha eit levande bygdesamfunn. Den er også viktig for oss som produserer lokalmat, som salskanal for våre varer, seier Olav Vetrhus frå Fjellmat i Suldal.
Mange butikkar i distrikta satsar på sal av lokalprodusert mat, som ein supplement til dei vanlege daglegvarene som kjeden tilbyr. Nærbutikken Nesflaten ved Suldalsvatnet i Rogaland er ein av butikkane som gjerne vil samarbeide med lokale leverandørar og produsentar.
– Kundane er flinke til å bruke butikken; dei er lojale. Då blir det jobben vår å utvikle vareutvalet i lag med kundane, seier Kjersti Eikemo Tveit, dagleg leiar ved Nærbutikken Nesflaten i denne filmen.
Skinke i topp-kvalitet
Suldal kommune i Ryfylke er mellom anna kjent for «Suldalsskinka. Den er tørka over lang tid i fjellklimaet og blir i dag brukt av den norske kokke-eliten. Då er det sjølvsagt at skinka også er å få kjøpt på den lokale butikken.
Ein annan lokal produsent, Skattkammeret på Nes, leverer kortreist fisk frå Suldalsvatnet og fjellvatna rundt:
– For meg er det utruleg viktig å ha nærbutikken. Dei kjøper fisk av meg, samtidig som eg får lov til å kjøpe alle varene til arrangementa som eg har, seier Reidar Johan Sandal i Skattkammmeret.
Bygda ved Suldalsvatnet var utan butikk i to år. Då måtte dei reise 30 km for å få tak i daglegvarer. Det gjekk ikkje lang tid før bygdefolket tok tok initiativ til å etablere ei ny, folkeeigd butikk. I den prosessen fekk dei mykje hjelp av Merkur-programmet. Dei fleste som bur i bygda, er no medeigarar i butikken.
Ei levande bygd
Nesflaten er ei aktiv bygd, med med skule og stor dugnadsvilje. Folk er veldig villige til å vere med på det som skjer. Butikken er opptatt av å yte god service.
– Det som gjer at det går så godt med butikken, er at det er ei levande bygd, og butikken er ein del av det, seier kjøpmann Kjersti Eikemo Tveit.
Butikken samarbeider også med det lokale hotellet. Hotellet og butikken har gjensidig nytte av kvarandre.
– Det var veldig tungvindt og slitsamt både for hotellet og oss privat då bygda var utan butikk. Å få butikken tilbake har betydd utruleg mykje, seier Gunhild Moe og Olav Lindseth ved Energihotellet.
Filmen om butikken i Suldal er ein av fire små dokumentarfilmar som Merkur har fått produsert for å vise samspelet mellom bygda og butikken.