Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kommunen kjøper service av nærbutikken
Butikk. Foto.
ÖSTMARKS HANDEL: - Vi betalar for service, seier ordførar Ann-Katrin Järåsen i Torsby. Butikken i Östmark er ein av dei som har service-avtale med kommunen.

Kommunen kjøper service av nærbutikken

23. mai 2017

Svenske kommunar inngår service-avtalar med lokale butikkar. Torsby kommune i Värmland betaler opptil 30.000 svenske kroner til fem nærbutikkar, for den service som dei gir til lokalsamfunnet. – Dette er god økonomi for kommunen, seier ordførar Ann-Katrin Järåsen i Torsby.

Torsby har gjennom fleire år jobba med utvikling av nye service-løysingar på landsbygda. Utkant-kommunen aust for Kongsvinger med 12.000 innbyggjarar fordelt på eit areal som er like stort som Vestfold, har mange små butikkar som er viktig for busetting og lokalt næringsliv. Derfor har kommunen satsa på nærbutikkane.

Kommunen som kanskje er mest kjent for sin skitunnel for langrenn, har deltatt i fleire prosjekt der private bedrifter, ideelle organisasjonar og offentleg verksemd samarbeider til beste for utvikling av lokalsamfunna.

Kommunal service-avtale

15 bygdebutikkar i Torsby har fått status som servicesenter og har blitt oppgraderte i samarbeid med kommunen. Butikkane har fått turistinformasjon, bok-kasse for tilbakelevering av bibliotek-bøker, bossdunk til for bruk for turistar, kunde-pc med skrivar, offentlege toalett og liknande. Butikkane har også tilbod om heimkjøring av varer til eldre og andre som ikkje kjem seg til butikken med eiga hjelp.

Kommunen har så skrive ein tre-årig service-avtale med fem av nærbutikkane. Desse butikkane forpliktar seg til å levere bestemte tenester og får 20.000 svenske kroner i årleg betaling for service.

Kommunen krev følgjande tenester:

  1. Butikken skal vere open minste 6 timar pr. dag og minst 5 dagar i veka
  2. Turistinformasjon i butikk
  3. Tilbod om heimkjøring av varer
  4. Bok-kasse for tilbakelevering av bibliotek-bøker
  5. Bossdunk for turistar og andre reisande
  6. Kaffikrok/sosial møteplass

Billegare for kommunen

Butikkar som har ekstra tilleggstenester, kan få ekstra betaling. Slike tenester kan vere tilbod om kunde-pc eller automat for kontantuttak, møtelokale knytt til butikken og ein kunde-aktivitet (f.eks. sommarfest). Kommunen tilbyr ytterlegare 10.000 kr årleg for slike tenester.

Ordførar Ann-Katrin Järåsen i Torsby understrekar at kommunen ikkje gir støtte til butikkane, men betaler for service som butikken gir.

– Dette er ein kommunal avtale om teneste-kjøp, som er betyr mykje for kommune-økonomien. No slepp heimehjelpene å bruke tid på å handle varer. Det er billegare å overlate dette arbeidet til butikken, seier Järåsen.

Kjøpmenn som leverer varer på døra, tek også på seg andre mindre oppgåver som moking av snø eller skifting av lyspærer.

«Servicepunkt»-skilt

Butikkane som har service-avtale med kommunen, profilerer seg med eigne skilt som viser at dei har status som «servicepunkt». Dette skiltet fortel kundane at butikken legg vekt på god service.

Butikkane tilbyr også andre viktige tenester. Svenske distriktsbutikkar har ei ordning der dei er «ombod» for tipping, apotek, post og vinmonopol. Nokre butikkar har også sal av drivstoff. Andre har kafé eller tilbod om overnatting.

Styret for Merkur-programmet besøkte Torsby kommune på studietur til Sverige hausten 2016.