Folkeleg engasjement gav bygda butikk
Dei var utan butikk i tre år. Denne veka kunne ordføraren klippe snora for ein ny og moderne matbutikk, etter at bygdefolket hadde samla inn over to millionar kroner i aksjekapital. Bygda Fister i Rogaland plasserer seg i landstoppen det gjelder folkeleg engasjement for lokalbutikken.
Det vart stille i Fister i Hjelmeland kommune då den gamle butikken stengde dørene, etter over 70 års drift. Men nokre nekta å godta at dei skulle bu i ei bygd utan butikk, der innbyggarane var nøydde til å dra over ei mil for å få tak i daglegvarer.
Eldsjeler i bygda tok initiativ til ei gjenopning. Dei var villig til å gå inn med pengar. Så begynte rykta å gå. Fleire ville vere med i arbeidet for å få butikken tilbake. Bygderådet vart involvert og det vart invitert til folkemøte for å få heile bygda med på planane.
Til slutt sat initiativtakarane med ein aksjekapital på heile 2,2 millionar kroner, fordelt på 75 aksjonærar! Kvar aksje kosta 25.000 kroner.
Bygde-mobilisering
Det er ikkje uvanleg at nedlegging av ein daglegvarebutikk fører til ei sterk bygdemobilisering. Ofte fører dette til at det blir etablert ein folkeeigd butikk, der bygdefolket går inn med både stor dugnadsinnsats og eigenkapital. Men det er sjeldan at ei bygd greier å samle inn over to millionar kroner. Fister ligg i norgestoppen når det gjeld engasjement for butikken.
Engasjementet i Fister har blitt lagt merke til langt utanfor kommunen sine grenser. Næringslivsavisa Dagens Næringsliv har besøkt bygda og laga ein tre-sides reportasje om det som har skjedd i Fister under tittelen «Leker ikke butikk på bygda».
NRK Rogaland besøkte bygda på opningsdagen og laga ein tv-reportasje. NRK har også lagt ut ei nettsak om nærbutikken på Fister.
TV: «Butikkopning på Fister»
(NRK Rogaland)
Store investeringar
Driftsselskapet bak Joker Fister har investert for fire millionar kroner i den nye butikken. I tillegg har familien som eig bygget, investert for to millionar kroner. Merkur har gitt tilsegn om 400.000 kr i investeringsstøtte for 2017 og 322.000 kr for 2018.
Butikken vil bli ein etterlengta samlingsplass for folket på Fister. Den nye butikken har fått kaféhjørne. Planane er vidare at butikken skal selje lokalmat, alt frå kveite som er produsert i fjorden, til eplemost frå dei mange fruktdyrkarane i kommunen.
Imponert ordførar
Ordførar Bjørn Laugaland seier at han er imponert over den innsatsen som er lagt ned for å få butikken i gang att.
Kommunen ønskjer å handle på lokalbutikken når dei skal gjere innkjøp til skule og barnehage. Ordføraren håper at fleire vil etablere seg i bygda når butikken har kome i gang att.
Skaper optimisme
Fister er ei bygd som har tapt både arbeidsplassar og tilbod dei siste åra. Banken er borte, trelasten er borte og campingplassen er borte. Derfor er bygdefolket opptatt av å ta vare på det som er igjen og utvikle bygda vidare.
Med 440 innbyggarar og 200 hytter meiner dei at det skal vere grunnlag for å drive ein lokalbutikk.
– Vi er kjempeglade for å få butikk. Opninga av butikken var eit magisk augeblikk. No blir det veldig spennande å sjå kva som skjer etterpå. Det er grobotn for nye idear. Vi får sjå kva vi kan skape i neste runde. Det er fantastisk å bu i ei bygd der du kan tru på at du kan få til alt du vil , seier Katrine Stangelo, leiar for Fister bygdaråd til NRK.