Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kommunen kjøper service på nærbutikken
Person i kassen på butikk. Foto.
SERVICEPUNKT: Butikken til Hans-Jacob Sunde i Rognaldsvåg har fått status som kommunalt servicepunkt.

Kommunen kjøper service på nærbutikken

9. mai 2018

Fem nærbutikkar har avtale med Kinn kommune om å ytre ekstra service og tilby kommunale tenester i butikken. Kommunen betaler 50.000 kr årleg for at lokalbutikken skal fungere som «kommunalt servicepunkt» for innbyggjarane.

To nærbutikkar i Askvoll kommune har fått tilsvarande avtale om å fungere som kommunens forlenga arm i lokalsamfunnet.

Alle butikkane har deltar Merkur og Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt pilotprosjekt «Kommunen og nærbutikken», der det er ei målsetting å få utvikle betre tenester for folk som bur utanom kommunesentera.

Til saman sju kommunar og 14 nærbutikkar i Sogn og Fjordane deltok i det nasjonale prosjektet for å utvikle butikken som lokalt servicesenter. Prosjektet vart gjennomført av Merkur-programmet i samarbeid med Distriktssenteret og KS og vart leia av Merkur-konsulent Ronny Mowatt.

Kommunane Flora, Askvoll, Fjaler, Stryn, Luster, Aurland og Lærdal var handplukka til å vere med på prosjektet, saman med 1-5 nærbutikkar frå kvar kommune.

Praktisk hjelp

Bystyret i Flora løyvde i 2018 til saman 250.000 kr til utvikling av betre tenester for folket som bur på Svanøy, Askrova, Fanøy, Rognaldsvåg og Stavang. Avtalen vart fornya i 2020, etter at Flora kommune vart samanslått med Vågsøy kommune til nye Kinn kommune.

I avtalen mellom kommunen og nærbutikkane ligg det at nærbutikken skal vere bygdas sosiale møteplass. Butikken skal tilby trådlaust internett, kaffikrok, og ein berbar PC som brukarane kan låne. Dei som jobbar i butikken skal kunne tilby hjelp til å finne fram og gjere bruk av offentlege tenester på internett. Butikken skal også tilby hjelp til tekniske ting, som til dømes mobiltelefonar, nettbrett, pc og DAB-radioar.

Kundane skal og få hjelp med nettbank, post, og å fylle ut søknadar og andre skjema på internett. Postbodet skal kunne ta med seg pakkar for utlevering frå butikken.

Kaffikroken skal ha kundetoalett, og butikken skal ta på seg å lage til sosiale arrangement når det passar med hendingar i bygda og kapasiteten i butikken. Dei skal også halde ein oversikt over behovet for å hente pensjonistar og andre brukarar til butikken for handling og sosialt samvær i kaffikroken. Gjerne til eit enkelt måltid med varm mat.

Bygdas vertskap

Butikken skal elles informere bygda om viktige hendingar, gjennom oppslag og sosiale media, og ha viktig informasjon tilgjengeleg for bygda. For turistane skal dei ta på seg vertskapsrolla og vere eit turistkontor i miniatyr der dei informerer om lokale tilbod, tilbyr brosjyrar og hjelp slik at turistane får eit best mogleg utbyte av besøket, og blir verande lenger i området.

Når det gjeld beredskap, får også butikken ein viktig rolle. Kommunen skal sørge for at butikkane får nødaggregat slik at butikken kan fungere som ein enkel operasjonssentral for innbyggarane i tilfelle katastrofar. Hjartestartar skal utplasserast og vere tilgjengeleg heile døgnet på, eller i nærleiken av butikken. Personalet skal ha opplæring i korleis den skal brukast.

Det er også tenkt at butikken skal ha eit nært samarbeid med kommunens heimetenester. Det skal opprettast medisindepot der butikkane kan utlevere medisinar etter bestemte reglar på vegner av heimesjukepleia. Butikken skal ha utkøyring av varer til kundane minst ein gang i veka, og i den samanhengen skal dei også ha eit lite tilsyn med dei eldre, samtidig som dei kan hjelpe med skifte av lyspærer og anna førefallande oppgåver som fell naturleg. Dei skal etablere ein enkel for frivilligsentral, og ha eit oppsyn med gjestehamn der det er naturleg.

«Eit flott prosjekt»

Varaordførar Jan Henrik Nygård (V) i Flora uttalte håp om at nærbutikk-prosjektet kunne vere starten på eit langt og fruktbart samarbeid mellom kommunane og butikkane i distrikta, då den første avtalen vart underskriven.

– Dette er eit flott prosjekt. Det er viktig å halde på nærbutikken. Den er viktig for å hindre at folk flyttar frå bygda, og skal vi være i forkant for å auke tilflyttinga til meir avsidesliggande strøk er butikken viktig. Det blir fleir og fleir fleksible arbeidsplassar som gjer at ein kan bu nesten kor som helst. Ein kan bu i øyane og jobbe i departementet, ein må ikkje vere på ein fast plass kvar dag, men om vi mister butikken mister vi den moglegheita, sa han til Firdaposten.

Jan Henrik Nygård ser føre seg at det etterkvart kan flyttast fleire oppgåver ut til nærbutikkane:

– Vi må sjå på dei kommunale oppgåvene og kva som kan flyttast ut til nærbutikkane. Jo meir vi kan flytte ut nærmare folket, jo meir lettar vi arbeidet til administrasjonen. Den innsparinga kan komme både kommunen og nærbutikkane til gode, sa Jan Henrik Nygård.

Revidert 1.10.2020

LES MEIR:

Merkur-prosjektet «Kommunen og nærbutikken»

Svenske kommunar betalar for butikkservice