Tilbyr kommunale tenester på butikken
«Eit brød, pillene for neste veke og skifte av batteri i høyreapparatet». Slik kan ei tenkt handleliste ringt inn til framtidas lokalbutikk sjå ut.
Kommunal Rapport har besøkt to øybutikkar i Flora kommune og laga ein heilsides reportasje om Merkur-prosjektet der det blir gjort forsøk med kommunale tenester i utkantbutikkar.
14 nærbutikkar og sju kommunar i Sogn og Fjordane deltar i prosjektet «Kommunen og nærbutikken».
Butikken i Rognaldsvåg på øya Reksta hadde uformelt samarbeid med heimesjukepleia før dei kom med i utviklingsprosjektet. Butikken fungerte som medisindepot der brukarane kunne hente og pleiarane kunne levere medisin.
– Å dekke enkle kommunale oppgåver som heimesjukepleia vanlegvis gjer, er noko butikkane bør kunne ta på seg for å oppretthalde busetting på øyane, seier kjøpmann Hans-Jacob Sunde ved Nærbutikken Rognaldsvåg til Kommunal Rapport.
Lisa Myklebust ved Nærbutikken Svanøy ser heller ikkje mange grenser for kva butikken kan ta på seg av oppgåver, slik at eldre folk kan bu heime på øyane lenger.
– Vi tilbyr no ei teneste der vi kan hjelpe folk med tekniske hjelpemiddel eller dippeduttar, seier ho.
– Det er spennande å sjå kva som kjem ut av dette, seier dagleg leiar i KS Sogn og Fjordane, Frode Kyrkjebø som også sit i styringsgruppa for prosjektet.
Prosjektet «Kommunen og nærbutikken» ser sett i gang etter initiativ frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og blir gjennomført av Merkur i samarbeid med KS og Distriktssenteret.