Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Her fungerer nærbutikken som SFO
2 barn spelar fussball. Foto.
SPEL OG MORO: Synnøve Iselin Økland (10) er i gang med fotballspelet saman med ei venninne i butikkens kaffikrok. Foto: Privat

Her fungerer nærbutikken som SFO

25. februar 2019

Nærbutikken i Auklandshamn fungerer som skulefritidsordning (SFO). Kvar dag samlast skulebarn i butikken sin kaffikrok, der dei kan spele, gjere lekser eller berre vere med kvarandre. Kjøpmannen opnar døra klokka sju om morgonen, slik at borna kan vere der før skulen startar.

– Det har aldri vore noko problem med ungane, seier kjøpmann Åse Marie Økland i Auklandshamn til avisa Vestavind.

Nærbutikken skal eigentleg ikkje opne før klokka ni. Men Åse Marie Økland opnar med glede dørene klokka sju, slik at skuleborna kan ha ein plass å vere når foreldra har reist på arbeid til Sveio eller Haugesund.

Sjølv set ho seg ned med ein kaffi den timen borna brukar butikken som SFO, før skulen startar klokka åtte. Det er greitt at det er ein vaksen til stades når borna brukar får bruke kaffikroken til leik.

Kaldt å stå ute

Butikken i Auklandshamn er opptatt å gi eit godt tilbod til lokalsamfunnet. Åse Marie Økland som sjølv har barn i skulealder, såg at fleire skuleborn hadde behov for ein stad å vere om morgonen. Det er kaldt å stå ute og vente på at skulen skal opne. Derfor begynte ho for fleire år sidan med å opne dørene for borna lenge før dei vanlege kundane kjem.

I vinter har butikken også lagt til rette for at elevar kan bruke kaffikroken om ettermiddagen på onsdagane, når barneskulen har kort dag. Her kan dei gjere lekser eller møte venner. Butikken har kjøpt inn fotballspel, air hockey og mange brettspel som borna kan bruke.

– Det varierer kor mange barn som kjem. Ein dag kan det vere to; ein annan dag kan det kome fem. Uansett er dette vår måte å gi noko tilbake til bygda vår, seier Åse Marie Økland.

Stort engasjement

Nærbutikken Auklandshamn slit med stor handelslekkasje. Mange av dei fastbuande arbeider i kommunesenteret Sveio eller regionssentera Stord eller Haugesund. Då er det lett for at dei handlar daglegvarer på lågprisbutikkane der, etter arbeidstid.

Merkur-programmet i samarbeid med butikken og kjeden inviterte til folkemøte i vinter for å setje søkjelys på handelslekkasjen. Dersom ikkje bygdefolket sluttar opp om butikken  og handlar meir lokalt, har denne butikken ei usikker framtid. På folkemøtet var det fleire som gav uttrykk for at dei ikkje heilt var klar over alt ekstra kjøpmannen gjer for bygda. Etter folkemøtet har butikken fått ein markert oppsving i handelen.

Bygdebutikken har eit stort vareutval, med blomster, garn, fiskeutstyr og litt leiker. Dei har også tilleggstenester som tipping, nøkkeloppbevaring, postpakkeutlevering og sal av lokalmat. Butikken arrangerer kino om laurdagane, er flink til å støtte opp om lokale tilstellingar og gir vekk overskotsblomster til omsorgssenteret og kyrkjelyden i bygda.

PS:

Nærbutikken Auklandshamn vart nedlagt i mai 2023 fordi det ikkje lukkast å skaffe ny drivar til butikken.

Oppdatert 27.11.2023