Her er det dialog mellom kommune og butikk
Kommune og nærbutikk har mykje å tene på eit tettare samarbeid. Askvoll kommune inviterte alle nærbutikkane til dialogmøte, der dei fekk møte ordførar, rådmann og fleire sentrale etatssjefar. – Eit konstruktivt og nyttig møte, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.
Møtet på Askvoll rådhus viste at lokalbutikkane og kommunen har mange saker av felles interesse, ikkje minst når det gjeld utvikling av betre tenester for innbyggjarane i alle deler av kystkommunen.
To av butikkane i Askvoll deltar i pilotprosjektet «Kommunen og nærbutikken» der Merkur-programmet prøver ut kva slags kommunale tenester som kan leggjast til lokale butikkar. Men på dialogmøtet var alle dei fem Merkur-butikkane i kommunen invitert.
– Vi ønskte å skape ein arena der vi på fritt grunnlag kan sjå kva slags oppgåver kommunen og butikkane kan samarbeide om, seier Merkur-konsulent Ronny Mowatt.
Vil samarbeide
Her er noko av det kommunen og butikkane vart einige om å jobbe vidare med:
-
Bibliotek i butikk:
Kommunen ønskjer å prøve ut ei ordning med bok-depot i ein av nærbutikkane. -
Infoskjerm:
Kommunen vurderer å prøve ut infoskjermar i alle nærbutikkar, med både nyheiter, kommunal informasjon og turistinformasjon. -
Serviceskyss:
Kommunen har gode erfaringar med serviceskyss, der eldre får organisert transport til butikken ein gong for veka for innkjøp og sosialt fellesskap. -
Eldreomsorg:
Butikkane fungerer i praksis som eit uformelt sikkerheitsnett for heimebuande eldre. Kommunen set pris på at det blir tatt kontakt med heimesjukepleie eller lege dersom det er behov for tettare oppfølging av helse- og omsorgstenesta. -
Offentlege innkjøp:
Kommunen deltar i interkommunal innkjøpsavtale. Men kommunen har valt å ta småinnkjøp ut av avtalen, slik at lokalbutikkane kan få levere til grendaskular og barnehagar. -
Kommuneplan:
Kommunen seier ingenting om nærbutikkane si rolle i gjeldande kommuneplan. Men butikkane vil få sin rettmessige plass i kommunens nye næringsplan
Erfaringane med dialogmøtet i Askvoll var så gode at det kan vere aktuelt med eit årleg kontaktmøte mellom kommunen og nærbutikkane.
På same lag
Mange distriktskommunar ser nytten av nærbutikkar og er opptatt av å spele på lag med butikkane for å utvikle lokalsamfunna. Eit tettare samarbeid mellom kommune og nærbutikk kan vere ein vinn-vinn situasjon for begge partar.
Her er tre ting kommunen kan gjere for å styrke samarbeidet med nærbutikken
-
Inviter nærbutikkane til eit møte for å drøfte korleis kommune og butikk kan samarbeide til beste for innbyggarane.
-
Ta nærbutikken med i arbeidet med kommuneplan, tettstadutvikling og næringsutvikling.
-
Utnytt kommunens handlingsrom til å legge til rette for at lokale butikkar og andre mindre verksemder får høve til å delta i anbodskonkurransar.