Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Sommarhandelen sikrar nærbutikk heile året
3 personar med blomar. Foto.
HØGSESONG: Silvija Apeinane (i midten) og medarbeidarane ved butikken i Skjolden er avhengige av god sommarhandel. (Arkivfoto)

Sommarhandelen sikrar nærbutikk heile året

22. juli 2019

Utan sommarhandelen ville det vore vanskeleg å drive butikk i mange små bygder. Nærbutikken i Skjolden i Sogn tener inn 43 prosent av den årlege omsetninga i løpet av sommaren.

– Sommaroverskotet gjer at vi lever resten av året også, seier butikksjef Silvija Apeinane på Coop Marked i Skjolden til NRK Sogn og Fjordane.

Omsetninga til butikken i Skjolden i juli er fire gongar så høg som i januar, og juli står for 18,7 prosent av den årlege omsetninga til butikken. Totalt står dei tre sommarmånadane for 43 prosent av omsetninga.

– Hadde det vore mogleg å drive butikken utan den ekstra omsetninga om sommaren?

Vanskeleg

– Det hadde vore vanskeleg. I alle fall hadde her vore færre arbeidsplassar, seier Silvija Apeinane til NRK.

Ei rekkje andre distriktsbutikkar fortel den same historia: ekstra salsinntekter frå turistar og hyttefolk sommarstid sikrar at bygda har eit butikktilbod heile året. Mange små butikkar går med underskot gjennom heile vinteren. Ein god sommarhandel er det som skal til for at nærbutikkane kjem på plussida, når rekneskapen skal gjerast opp.

Coop Marked Kvam i Trøndelag doblar omsetninga i juli, på grunn av den store trafikken av bilar og campingturistar.

Heilt avgjerande

– Sommaren er heilt avgjerande for butikken. Vi er få fastbuande for å oppretthalde det tilbodet som butikken er for folk. Sommarmånadene får det til å gå rundt, seier May-Britt Lind hos Matkroken på Vengsøy i Troms.

Tal frå Virke, handels- og tenestenæringa sin hovudorganisasjon, viser at sommarhandelen i fjor utgjorde 19 prosent av den årlege daglegvareomsetninga i butikkane i Sogn og Fjordane. Berre Aust-Agder har høgare tal enn dette, med 20,2 prosent.