Får betre kvardag med handlebussen
Eldre i Vindafjord får kommunal skyss til nærbutikken kvar fredag. – Handlebussen er eit helseførebyggande tiltak som har gitt kvar kunde ein heilt ny møteplass, matglede og gode matvarer heim til eige hus, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik.
Tilbodet om handlebuss starta i februar og kom i stand gjennom samarbeid mellom Merkur-programmet, Vindafjord kommune og to nærbutikkar. Joker Vikebygd var først ute, seinare kom også Matkroken Imsland på Kvaløyna med.
Det nye busstilbodet har blitt godt motteke av dei eldre. Kommunalsjef Anne Sofie Sandvik i Vindafjord kommune oppsummerer tiltaket som ein suksess. Bussen som transporterer eldre til Vikebygd, har hatt 8-15 passasjerar kvar gong. Bussen som transporterer kundar til Kvaløyna har hatt 5-7 passasjerar kvar veke.
Når dei eldre kjem til butikken, blir det lagt opp til at dei både får handle daglegvarer og får tid til ein prat over ein kaffikopp. Sjåføren køyrer heim til kvar enkelt og hjelper gjerne til med å få varene heilt inn på kjøkkenet.
– Det har vore ei glede å få gjengen på besøk kvar fredag. Det gir masse god energi i butikken, seier kjøpmann Gunn Vikingstad ved Joker Vikebygd.
Helseførebyggande
Vindafjord kommune ser på handlebussen som eit helseførebyggande tiltak. Rogalands-kommunen har mange bygder der eldre kan trenge assistanse for å klare seg heime. Transport til butikken kan vere til stor hjelp for mange.
– Særleg i grisgrendte strøk er ernæring svært viktig for kor lenge det er mogleg å bli buande heime. Desse lenger heimen ligg frå kommunesenter og omsorgssentera, dess vanskelegare er det for heimetenesta å transportere hjelp og mat, seier kommunalsjef Anne Sofie Sandvik i ei orientering til formannskapet.
Kommunalt servicepunkt
Kommunen ønskjer å samarbeide med butikkane om eit tilbod med middagsservering kvar fredag, både for handlebuss-kundar og for andre som har behov for det. Dette kan redusere matombringinga som kommunen har i dag.
– Kommunen ønskjer samtidig å utvide desse butikkane til kommunale servicepunkt som kan gjere det muleg for fleire å heime lenger og samtidig bygge opp under ein svært viktig møteplass i bygdesamfunnet, opplyser kommunalsjef Anne Sofie Sandvik, som også er samfunnsutviklar i kommunen.
Bussbillett til 10 kr
Ordninga med handlebuss vart i første omgang finansiert gjennom eit prosjekt for attraktivitet, Vakre Vindafjord. Målsettinga med prosjektet er å auke innbyggartalet i kommunen gjennom målretta og kvalitativ innhaldsmarknadsføring. Gjennom dette prosjektet blir det også blitt arrangert sosialt middagstreff for pensjonistar i Vikedal, med innlagt handletur på nærbutikken.
Tilbodet om handlebuss var først eit prøveprosjekt. Men kommunalsjefen synest at erfaringane var så gode at prosjektet vart vidareført. Bussbilletten er på 50 kroner. Det gir kommunen ha ein netto kostnad på 130.000 kr.
Revidert 15.9.2021