Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Merkurs pilotbutikkar går så det susar
Mennesker med blomster og ballonger utenfor butikk. Foto.
STOLTE: Kjøpmann Bodil Midtsveen (t.v.) saman med representantar frå leverandør, Merkur og Norgesgruppen ved opning av heildigital butikk i Lyngdal. Foto: Krydder kommunikasjon

Merkurs pilotbutikkar går så det susar

28. august 2020

Fornøgde kundar og sterk vekst i omsetninga. Dette er status for dei tre nærbutikkane som så langt har fått utvida opningstidene ved hjelp av ny teknologi. I løpet av hausten vil til saman åtte butikkar frå tre ulike kjeder delta i Merkurs pilotprosjekt for fleksible opningstider og nye digitale løysingar.

– Vi har auka salet med 30-40 prosent samanlikna med same tid i fjor, seier kjøpmann Hege Lavik ved Eksingedalen Snarkjøp til avisa Hordaland.

– Eg trur at dette er eit steg inn i framtida, både for butikken og bygda vår. Eg får frigjort tid til å gjere butikken betre, seier kjøpmann Bodil Midtsveen ved Nærbutikken Lyngdal til Joker-bladet.

Nasjonalt prosjekt

Tre Merkur-butikkar har så langt installert avansert teknologi som gjer det muleg for kundane å handle i butikken utanfor vanleg opningstid, utan at dei tilsette er til stades. Kundane kjem inn i butikken ved å bruke bankkort, dei skannar varene sine sjølve, betaler med kort og får opna utgangsdøra ved å skanne kvitteringa.

SLIK FUNGERER BUTIKKBESØKET: Sjå film frå Snarkjøp Eksingedalen

Butikkane deltar i eit nasjonalt pilotprosjekt i regi av Merkur-programmet. Målsettinga er prøve ut nye teknologiske løysingar på små distriktsbutikkar for sjå om denne teknologien kan gi betre lønsemd og større omsetning.

– Vi vil finne ut om ei løysing med fleksible opningstider og delvis sjølvbetjent butikk kan vere alternativ til nedlegging på stader der marknaden er for liten til lønnsam drift, seier Steinar Fredheim, avdelingsleiar i Distriktssenteret.

Betre service

Butikkane som deltar i prøveprosjektet, har vanleg betjening på dei tidspunkt og i dei periodar som det er størst behov for personleg kontakt. Men den teknologiske løysinga gjer det muleg å utvide opningstida utan å måtte tilsetje fleire medarbeidarar.

Dei heildigitale butikkane har blitt godt mottatt både blant tilreisande og kundar i lokalsamfunnet. Kjøpmennene er også fornøgde:

– No får eg betre tid til å prate med kundane, hjelpe dei med stort og smått og yte skikkeleg service. Eg er faktisk overbevist om at servicen vil bli enda betre enn før, seier Bodil Midtsveen i Lyngdal.

– Butikkane kan få ei anna lønsemd, kjøpmannen kan få ein annan kvardag og butikktilbodet i lokalmiljøet kan sikrast, oppsummerer Merkur-konsulent Hallvard Christenson, som leiar pilotprosjektet.

SLUTT PÅ TIDSKLEMMA: Sjå reklamefilmen frå Nærbutikken Svatsum

skilt for lyngdal landhandel

GODT SYNLEG: Butikken i Lyngdal marknadsfører seg som døgnopen og sjølvbetjent, men kjøpmannen er på plass i vanleg opningstid. Foto: Krydder kommunikasjon

Åtte pilotbutikkar

Her er oversikt over dei åtte butikkane som deltar i pilotprosjektet, fordelt på kjede:

NORGESGRUPPEN

  • Lyngdal Landhandel (Nærbutikken) – Flesberg kommune, Viken
    Opna 15.mai

  • Svatsum Samvirkelag AS (Nærbutikken) – Gausdal kommune, Innlandet
    Opna 3.juli

  • Åmdals Verk Daglegvare AS (Nærbutikken) – Tokke kommune, Telemark og Vestfold
    Opning 30.august

  • Tufsingdal Landhandel AS (Nærbutikken) – Os kommune, Innlandet
    Planlegg opning i månadsskiftet august/september

SNARKJØP

  • Eksingedalen Snarkjøp AS – Vaksdal kommune, Vestland
    Opna 15.mai. Har berre ope til kl. 22

  • Herand Landhandleri AS – Ullensvang kommune, Vestland.
    Opningsdato ikkje bestemt

COOP

  • Coop Marked Nedre Eggedal – Sigdal kommune, Viken
    Planlegg opning i månadsskiftet september/oktober

  • Coop Marked Folkestad – Volda kommune, Møre og Romsdal
    Planlegg opning i månadsskiftet september/oktober