Rita-Therese har Årets butikk i nordvest
Nærbutikken på Atløy har snudd negative tal til nesten ein million kroner i pluss. No har Rita-Therese Thorsnes Herland fått Merkurs pris for Årets butikk på Nordvestlandet.
– Joker Atløy har hatt ei flott utvikling med vekst i omsetning og inntening. Butikken har investert offensivt for å få ein moderne butikk. Kjøpmannen er samfunnsengasjert og stolt av lokalsamfunnet sitt, sa fagleiar Steinar Fredheim då han delte ut prisen på Merkurs regionkonferanse for distriktskjøpmenn frå Sunnmøre og Sogn og Fjordane.
Merkur-programmet deler kvart år ut ein heiderspris for den beste nærbutikken i regionen. Prisvinnaren må ha god butikkstandard, positiv økonomisk utvikling, ha gode tilleggstenester, vere møteplass for bygda og ha ein kjøpmann som er samfunnsentreprenør.
Store investeringar
Butikken på Atløy i Askvoll kommune i Vestland har i løpet av dei siste åra snudd negative tal til eit overskot på nesten 900.000 kr i 2020. Butikken har investert offensivt for modernisering av butikken, mellom anna i elektroniske hylleforkantar, utskifting av frysarar og kjøleanlegg, panteautomat, nytt datasystem og kasse.
I tillegg har eigedomsselskapet som eig bygget, gitt bygningen eit løft gjennom nytt tak og skifting av kledning. Dette har gitt anlegget eit løft, og gjer at butikken og bygget framstår som funksjonell og presentabel. Den siste investeringa er ein ny kaffekrok som no er klar til bruk. Det er planar om ytterlegare oppgradering.
Bratt læring
Rita-Therese Thorsnes Herland som er både dagleg leiar og eigar, har hatt i bratt lærekurve etter at ho overtok butikken. No deltar ho i Merkurs kompetanseprogram for utvikling av distriktsbutikkar.
Butikken på Atløy har avtale med Askvoll kommune om å fungere som kommunalt servicepunkt. Rita-Therese er heile tida opptatt av butikkutvikling. Under pandemien la ho opp til ekstra service for kundane, ved å tilby pakking og utkøyring av varer.