Merkur-pris for nyskapande butikkdrift
Hegna Landhandel har utvikla teknologiske løysingar som er i ferd med å revolusjonere drifta av butikkar i Distrikts-Norge. No har den vesle butikken i Telemark fått pris som Årets Merkur-butikk for Østlandet sør.
Hegna landhandel i Seljord kommune var først i Norge med å ta i bruk ny teknologi for sjølvbetjening og døgnopen drift. Det skjedde i 2018. No har butikken blitt referansepunktet for alle distriktsbutikkar som ønskjer å gå over til ein slik driftsmodell.
– Nærbutikken Hegna Landhandel får prisen for sin vilje og evne til nytenking, ved å gå nye vegar som gir langvarige resultat. Butikken har i tillegg vist stor vilje til å dele sine kunnskapar og ferdigheiter med andre, heiter det i grunngjevinga for prisen.
Butikkeigarane Gro Catrine Aasgrav og Hans Olav Bakås tok imot Merkur-prisen på ein konferanse for distriktskjøpmenn i Viken, Telemark og Vestfold.
Møtte skepsis
Ekteparet på Hegna møtte mykje skepsis og kritiske spørsmål då dei lanserte ideen om ein daglegvarebutikk med teknologiske løysingar som gjorde det muleg med sjølvbetjening og døgnopen drift. Men erfaringane med denne butikken var så lovande at Merkur sette i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å prøve ut teknologi for fleksible opningstider i åtte andre distriktsbutikkar.
Pilotprosjektet vart ein suksess. Fleksible opningstider ved bruk av ny teknologi gav fleire kundar, større omsetning og betre lønnsemd. Butikkane som deltok i forsøket, kunne rapportere om ein omsetningsvekst på over 40 prosent.
No står nærbutikkar over heile landet nærmast i kø for å tilby kundane døgnopen drift og delvis sjølvbetjening.
Nye løysingar
I dag er det Gro Catrine Aasgrav som står for butikkdrifta på Hegna, medan Hans Olav Bakås har ansvar for teknologi-utviklinga gjennom sitt firma Mat-Norge AS.
Butikken på Hegna er opptatt av at den teknologiske løysingane ikkje skal gå utover butikkens rolle som møteplass. No planlegg dei stor julemarknad der lokale produsentar av mat og handverk blir invitert til marknad ved butikken. Det blir også arbeidd med planar om å etablere ein sjølvbetjent kafé/møterom i etasjen over butikken.
Butikken får ros for si evne til å bruke teknologi til å finne nye løysingar, til dømes for sal av aldersbestemte varer. No har butikken også utvikla eit spesialskap for sal av forundringsposar med mat som er i ferd med å gå ut på dato, som eit heilt nytt tiltak for å redusere matsvinn.