Kariann har Årets butikk i vest
Nærbutikken Kvingo har gjennom fleire år satsa på tilleggstenester og har i dag eit omfattande servicetilbod for både tilreisande og fastbuande i Masfjorden. Kjøpmann Kariann Ekren har fått Merkurs pris for Årets nærbutikk i region Vest.
Prisen for Årets butikk blir delt ut etter ei samla vurdering av butikk-kvalitet, økonomisk utvikling og butikkens samspel med lokalsamfunnet for 56 nærbutikkar i Hordalands-regionen.
Prisen vart delt ut av Distriktssenteret på ei samling for Merkur-butikkar i Bergen.
Store investeringar
Årets Merkur-butikk er ei familiebedrift som starta i 2009. Kariann Ekren fekk ei bratt læringskurve då ho starta som butikksjef tidleg i 20-åra. Ho oppdaga raskt at kundegrunnlaget var i minste laget for å drive ein tradisjonell nærbutikk. Det var heilt naudsynt å få fleire bein å stå på i form av tilleggstenester dersom butikken skulle få lønnsam drift.
– Gjennom hardt arbeid og langsiktig satsing har butikken klart å utvide servicetilbod og tenester jamt og trutt. Butikken framstår no som ein spennande og attraktivt stad for både handel og opplevingar og har blitt ein triveleg møteplass i bygda, heiter det i grunngjevinga for prisen.
Butikken har over fleire år gjennomført mange og store investeringar, med økonomisk støtte frå Merkur. Underskot dei første åra er snudd til pluss i rekneskapen og likviditeten har blitt styrkt.
Pub og bubilparkering
I tillegg til tradisjonelle tilleggstenester som drivstoff, pakkeutlevering, apotekutsal og tipping, har butikken fått kjøkken for servering av varmmat i den koselege kafeen med tilhøyrande pub. Her er også eit stort selskapslokale.
Då butikken arrangerte eigen konsert med Vamp i sommar, skule lokalet fungere som plan B i tilfelle regn. Men heldigvis var vêrgudane på butikkens side slik at konserten kunne gå av stabelen utandørs, på plassen rett utanfor butikken.
Nærbutikken på Kvingo har snudd kvar stein for å finne nye og gode løysingar for butikkdrifta. Famillien har også sprengt vekk ein stor fjellknaus, for å kunne gi plass for bobilparkering. No blir tilbodet marknadsført som «Butikk, bubilcamp og kafé».
Aktiv i lokalsamfunnet
I disse dagar blir det landa ein samarbeidsavtale med kommunen der butikken skal få ei årleg godtgjersle for vedlikehald av offentleg toalett.
Kjøpmann Kariann Ekren er aktiv i lokalmiljøet og er folkevald i Masfjorden kommunestyre. Ho sit også i kjøpmannsrådet for alle butikkar i Nærbutikken-kjeden og er styremedlem i NGIR, det lokale renovasjonsselskapet.
Butikksjefen er god på marknadsføring og Merkur har ved flere høve nytta ho til å halde inspirasjonsforedrag om aktiv bruk av Facebook.