– Vi har stor forståing for bekymringane og utfordringane mange butikkar har når dei får enorme straumrekningar, seier Steinar Fredheim, som har ansvar for forvaltninga av Merkur-programmet i Distriktssenteret.
I dag er ikkje verkemidla i Merkur-programmet innretta slik at det er mogleg å gje driftsstøtte for å løyse dei likviditetsufordringane som kjem av store straumrekningar.
– Merkur-programmet skal vere med på å sikre tilgangen til nærbutikk i distrikta. Likevel er ikkje verkemidla våre innretta slik at vi kan gje støtte til driftskostnader. Dette er politisk bestemt, og må eventuelt endrast politisk, forklarar han.
Merkur-programmet har likevel verkemidlar som kan hjelpe på situasjonen for butikkar.
For det første har styret for Merkur programmet sagt at søknadar om investering i enøk-tiltak skal prioriterast. I tillegg kan dei 10 Merkur-konsulentane både gje rådgjeving og gjennom omstillingsordninga gå inn i meir omfattande arbeid for å hjelpe butikkane å finne løysingar.
– Vi har også hyppig kontakt med Kommunal- og distriktsdepartementet, som eig Merkur-programmet, for å halde dei orientert om situasjonen mange butikkar står i og konsekvensen av det.