Coop Marked på Helleland hadde ei omsetning på vel 7 millionar kroner, gjekk med underskot og var døden nær i 2014. Handelslekkasjen låg på heile 57 prosent.
I dag ser butikken ut til å kome ut med ei årsomsetning på 13 millionar kroner. Handelslekkasjen er redusert til 22 prosent.
«Kompetente pengar»
– Her er det mange gode krefter som har jobba saman. Butikken har over fleire år fått investeringsstøtte frå Merkur, samtidig som eg har fått omstillingsmidlar til å jobbe med butikken.
Merkur ønskjer å drive butikkutvikling ved hjelp av «kompetente pengar», der økonomisk støtte blir kombinert med støtte til utviklingsarbeid. Dette er eit godt eksempel på nettopp det, seier Merkur-konsulent Lars Helgeland.
Han legg til at godt samarbeid både med butikksjef Åse Bauge og driftssjefen i Coop Sørvest, Rodgeir Olerud, har vore heilt avgjerande for omstillingsarbeidet på Helleland.
Butikken deltar på Handle lokalt-kampanjen og deler kunnskap på Merkurs konferansar.
Hjelp til omstilling
Merkur-konsulenten for Rogaland har gjennomført to omstillingsprosjekt for å hjelpe butikken på Helleland. Utgangspunktet var ein situasjon med fallande omsetning og svak lønsemd. Coop Sørvest var klar på at dersom butikken skulle drivast vidare, måtte omsetninga aukast og handelslekkasjen reduserast.
Merkur-konsulentane er bedriftsrådgivarar som har kunnskap om berekning av kjøpekraft og handelslekkasje. Lars Helgeland har også hatt møte med kommunen og lokale skular for å leggje til rette for at kommunen handlar lokalt. Vidare har han intervjua kundar for å fange opp tilbakemeldingar og lokale handlemønster, i tillegg til å gjennomføre pristestar mot konkurrerande lågprisbutikkar.
Kjeda og Merkur-konsulenten har i fellesskap invitert bygda til fleire folkemøte for å informere om den alvorlege situasjonen og utfordre bygdefolk til å handle meir lokalt. Det har også vore fleire oppslag i lokalavisa om utfordringane knytt til lønnsemd.
Investeringsstøtte
Parallelt med dette har butikken gjennomført ei rekkje store investeringar. Butikken har fått nytt kjøle- og fryseanlegg, ny butikkinnreiing, sjølvbetjeningskasse og elektroniske prisskilt.
Opningstidene har blitt utvida for å vere meir tilgjengeleg for kundane. I vinter vart butikken omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix.
Merkur-programmet har gitt 1,5 millionar kroner i investeringsstøtte, fordelt på 260.000 kr i 2015/2016, 600.000 kr i 2021 og 592.000 kr i 2v022.
Omsetninga har gått litt opp og ned dei siste åra, men trenden har vore stigande. Etter gjenopninga 10.februar og fram til utgangen av september auka omsetninga med 33 prosent.