Hegna Landhandel vart etablert som konsept-butikk for ny teknologi i 2018, med investeringsstøtte frå Merkur-programmet.
Datagründer Hans Olav Bakås hadde ideen om å etablere ein moderne og berekraftig landhandel ved å kombinere fleire teknologiske løysingar og sette dei saman på ein ny måte.
40 Merkur-butikkar
Erfaringa med digital butikk var så spennande at Merkur året etter sette i gang eit nasjonalt innovasjonsprosjekt. Merkur ville finne ut om fleksible opningstider med ny teknologi kunne bidra til styrka inntening og overlevelsesevne for små daglegvarebutikkar i distrikta.
No står butikkar over heile landet i kø for å tilby sjølvbetjent løysing, utanom vanleg opningstid. Ved årsskiftet hadde totalt 38 butikkar fått investeringsstøtte gjennom Merkur-programmet til å satse på ny teknologi. 22 av butikkane fekk støtte i 2022.
– Den utvida opningstida har styrka innteninga for butikkane, samstundes som kundane får eit betre tilbod, kommenterer Sigbjørn Gjelsvik.
Kompetente pengar
Merkur-programmet er opptatt av innovasjon og stiller risikokapital og kompetanse til disposisjon for distriktsbutikkar som ønskjer å teste ut nye forretningsmodellar eller nye tilleggstenester.
– Satsinga på sjølvbetjent og døgnopen drift av små nærbutikkar er det beste eksempelet på den viktige rolla Merkur-programmet har i å fremje og drive innovasjonsprosjekt som distriktsbutikkane elles ikkje ville fått teke del i, seier avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.
– Dette er små butikkar som må tenke smart for å oppretthalde grunnlaget for vidare drift. Det har dei verkeleg klart! Det er imponerande, seier kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik.
Nytt pilotprosjekt
No er Merkur-programmet godt i gang med eit nytt prosjekt i samarbeid med Design Arkitektur Norge (DOGA) for å utvikle innovative løysingar for framtidas nærbutikk, med eit variert tilbod av tenester og aktivitetar i og rundt lokalbutikken.
Målet er å løfte fram små stader som førebilete i utviklinga av framtidas lokalsamfunn med butikken i sentrum.
Tre butikkar er plukka ut til å vere pilotar: Gamvik Handel, Nordmela landhandleri og kafé og Joker Grue Finnskog.