Merkur-programmet har 12 millionar kroner mindre å dele ut som investeringsstøtte i 2023, samanlikna med 2022.
Distriktssenteret og Merkur-styret har derfor funne det nødvendig å legge opp til ei tydelegare prioritering av støttemidlane.
Prioriterte formål
Målet med investeringsstøtta er at små daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønnsame og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-forskrifta legg opp til at Distriktssenteret skal prioritere dei søknadene som best støttar opp om formålet.
I 2023 vil Distriktssenteret og Merkur-styret prioritere tildeling av økonomisk støtte til prosjekt innanfor desse fire kategoriane:
- energieffektiviserande tiltak
- digitalisering og ny berekraftig teknologi
- lønnsame og berekraftige tilleggstenester
- omstillings- og innovasjonsprosjekt
Får mindre tilskot
– Når vi har eit redusert økonomisk handlingsrom innanfor Merkur-programmet, blir behovet for å prioritere bruken av tilskotsmidlane endå tøffare. Fleire vil nok oppleve å få mindre tilskot enn dei søkjer om eller få avslag på søknaden sin i 2023, seier avdelingsdirektør i Distriktssenteret, Steinar Fredheim.
Når nokre gode formål blir prioritert opp, betyr det at andre formål blir nedprioritert. Distriktssenteret ser no på kva som må bli konsekvensane for søknader om støtte til andre typar investeringsformål, når fire kategoriar blir prioritert.
I løpet av mars månad vil det bli lagt ut meir informasjon om dette på Merkurs nettside.
24 prosent mindre
Det er to grunnar til at Merkur-programmet har mindre pengar å dele ut i 2023.
Pågangen etter støttemidlar i fjor var så stor at Merkur måtte bruke opp alle inndregne midlar frå tidlegare år, for å unngå full stopp i tildeling av investeringsstøtte tidleg på hausten. Styret har i tillegg valt å bruke litt meir pengar på kompetanseprogrammet og litt mindre på støtteordningane i budsjettet dei har vedtatt for 2023.
Stortinget gav Merkur-programmet ei samla løyving på 61,3 mill. kroner for 2023. Løyvinga er like stor som i 2021 og 2022, men det er ikkje tatt omsyn til prisstiginga.
Merkur har etter dette 41 mill. kr til disposisjon for støtteordningane i 2023. Det er 12,8 mill. kr mindre enn i 2022, då det vart gitt tilsegn om til saman 53,8 mill. i økonomisk støtte til distriktsbutikkane. Det tilsvarar eit kutt på 24 prosent.