Til samanlikning fekk 220 distriktsbutikkar til saman 52,9 mill. kr i tilskot i 2021.
Det meste av støttemidlane går til ordninga med investeringsstøtte til daglegvarebutikkar. I 2022 vart det gitt tilsegn om 45,6 mill. kr til ulike investeringsformål. 22 butikkar fekk støtte til teknologisk utstyr som gjer det mogleg å innføre sjølvbetjening og døgnopen drift. 15 butikkar fekk investeringsstøtte til drivstoffanlegg.
55 av dei aller minste butikkane fekk servicestøtte. Butikkane kan få 100.000 kr årleg som betaling for den servicen som dei gir til lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Dei fleste av desse butikkane ligg på øyar langs kysten.
11 bokhandlar fekk opptil 50.000 kr i utviklingsstøtte. Formålet med denne ordninga er å stimulere til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell arena og sikre utsette distriktsbokhandlar.
I tillegg til ordinære støttemidlar vart det også formidla ekstraordinær straumstøtte til butikkar med høgre straumutgifter dei fire siste månadene i 2022.
Investeringsstøtte og andre typar økonomisk støtte er viktige verktøy i Merkur-programmets arbeid med å utvikle og styrke butikkar i Distrikts-Norge. Merkur er også opptatt av kompetanseutvikling for kjøpmenn og hjelp til ulike former for utviklingsarbeid.
Her er status for viktige kompetansetiltak i 2022:
- 54 daglegvarekjøpmenn og 23 bokhandlar fekk ny kompetanse ved å delta i Merkur utvikling.
- 255 personar deltok på Merkurs landskonferanse i Trondheim
- 52 butikkar har fått bistand frå Merkur-konsulent til å gjennomføre omstillingsprosjekt.
- Det vart sett i gang to større innovasjonsprosjekt: «Framtidas nærbutikk i det fleirfunksjonelle bygget» og «Kartlegging av enøk-tiltak i butikk».