– Dei små nærbutikkane er ein livsnerve og viktige møteplassar i mange lokalsamfunn og det er svært viktig at vi bidreg til å ta vare på dei, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Pengane kjem frå unytta midlar frå straumstøtte-ordninga som galdt for hausten 2022. Midlane skal nyttast til å vidareføre straumstøtteordninga for Merkur-butikkar i 2023, som ei søknadsbasert og rammestyrt ordning. Midlane kan og nyttast til investeringsstøtte til enøk-tiltak.
– Mange distriktsbutikkar lever på små marginer, opplever stor kostnadsvekst, og for mange av desse butikkane vil den ekstra støtta vere avgjerande for at dei klarar å oppretthalde drifta, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.
Merkur-programmet vil kome tilbake med meir informasjon om søknadsfrist og korleis dei ekstra støttemidlane skal kunne brukast.
Regjeringas forslag om ekstra støttemidlar til Merkur-butikkane er ein del av revidert nasjonalbudsjett som vart lagt fram i formiddag.
Forslaget må behandlast og få støtte av Stortinget før midlane kan disponerast. Det er venta at Stortinget vil vedta revidert budsjett i midten av juni.