Coop-butikken på Helleland var døden nær i 2014, med stor handelslekkasje og fleire år med driftsunderskot. Coop Sørvest var klar på at dersom butikken skulle drivast vidare, måtte omsetninga aukast og handelslekkasjen reduserast.
Løysinga var tett samarbeid mellom kjeda og Merkur-programmet, både når det gjeld investeringar og bedriftsrådgjeving.
Store investeringar
Butikken har invitert bygda til fleire folkemøte for å informere om den alvorlege situasjonen og utfordre bygdefolk til å handle meir lokalt. Det har også vore fleire oppslag i lokalavisa om utfordringane knytt til lønnsemd.
Parallelt med dette har butikken gjennomført ei rekkje store investeringar. Butikken har fått nytt kjøle- og fryseanlegg, ny butikkinnreiing, sjølvbetjeningskasse og elektroniske prisskilt.
Opningstidene har blitt utvida for å vere meir tilgjengeleg for kundane og butikken har blitt omprofilert frå Coop Marked til Coop Prix.
Glad og energisk
Butikksjef Åse Bauge har stått sentralt i snuoperasjonen på Helleland. Ho blir karakterisert som ein kjøpmann som gir alt for butikken og bygda.
– Årets Merkur-kjøpmann er ein glad og energisk person som ser alle. Både kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar er alltid «litt gladare» når dei går ut av butikken enn dei var når dei kom inn, vart det sagt under prisutdelinga på Merkur-programmets kjøpmannskonferanse for Rogaland.
Butikksjefen fekk også overrekt ei helsing frå kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik som takkar for innsatsen og gratulerer med utmerkinga.