Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  6 mill. kr ekstra til enøk-tiltak
Kjølevarer i kjøledisk/kjøleskap i butikk. Foto.
KUTT STRAUMFORBRUK: Enøk-tiltak i butikken gir god effekt.

6 mill. kr ekstra til enøk-tiltak

26. juni 2023

Stortinget har gitt 12 millionar kroner ekstra til Merkur-butikkane. 6 millionar kr er sett av til investeringsstøtte til enøk-tiltak. 6 millionar kr er sett av til ei ny straumstøtte-ordning.

Pengane kjem frå unytta midlar frå straumstøtte-ordninga for Merkur-butikkar som galdt for hausten 2022.

Stortinget slutta seg til eit forslag frå regjeringa i revidert nasjonalbudsjett om at desse midlane kan brukast til enøk-tiltak og straumstøtte, i staden for å bli inndratt.

Søk om enøk-støtte

Butikkar som ønskjer å investere i tiltak som gir mindre straumforbruk, kan no søkje om enøk-midlar gjennom regionalforvaltning.no.

Regelverket for midlane som er øyremerka til enøk-tiltak, er dei same som gjeld for ordinær investeringsstøtte. Hovudkravet er at butikken har minst 10 km avstand til neste butikk og ei daglegvareomsetning på mindre enn 13 mill. kr.

Straumstøtte i juli

Ordninga med straumstøtte vil gjelde for perioden frå juli til og med oktober 2023. Du kan søkje om støtte for to månader om gongen. Første søknad kan sendast i september, for månadene juli/august.

Søknadsskjema og nærmare informasjon om straumstøtte vil bli lagt ut på nettsida til Merkur-programmet i slutten av august.

Regelverket for straumstøtte-ordninga vil vere den same som galdt for hausten 2022. Det betyr at alle butikkar som deltek i Merkur-ordninga, vil kunne søkje om straumstøtte når straumprisen er over 70 øre per kWh. Butikkane vil kunne få dekka 80 prosent av kostnadene over dette prisnivået.

Fordeling

Styret for Merkur-programmet og Distriktssenteret har valt å fordele dei 12 millionane slik at halvparten går til investeringsstøtte og halvparten til straumstøtte.

Dersom dei 6 millionane som er avsett til straumstøtte, ikkje blir brukt opp, vil restmidlane bli overført til investeringsstøtte til enøk-tiltak. Der er ikkje mogleg å overføre eventuelle restmidlar til 2024.

Merkur-programmet har tidlegare gjennomført eit pilotprosjekt for energiøkonomisering i butikk i Agder. Rapporten frå prosjektet viser at både små og store enøktiltak gir god innsparing i butikkens straumforbruk.

LES MEIR: Mye å spare på enøk-tiltak i butikken