To grupper med bokhandlar avsluttar i haust eit år med samlingar og nettverksbygging gjennom Merkur utvikling bokhandel. Samstundes er det starta opp ei ny gruppe med 10 bokhandlar som også ønskjer å gjennomgå utviklingsprogrammet.
Det betyr at 30 av dei knapt 80 bokhandlarane i Merkur bok har valt å delta i dette kompetanse- og utviklingsprogrammet.
Beste praksis
Merkur utvikling er grunnpilaren i Merkur og blir gjennomført i regi av den regionale Merkur-konsulenten. 10 bokhandlar frå ulike kjeder blir samla i ei gruppe, med 3-5 fysiske eller digitale samlingar.
Merkurs oppdrag er å bidra til å utvikle kompetansen til bokhandlarane med kunnskap, nettverk og verktøy for å styrke lønsemda for butikken, finne nye kjelder til inntekt og utvikle butikken i samspel med kommunen og bygda eller småbyen.
Fleire av samlingane blir lagt til ein av bokhandel. Tema kan vere økonomistyring, sal og service, leiing, kommunale innkjøp, forfattarbesøk, generasjonsskifte og non-book. Det blir lagt stor vekt på erfaringsutveksling og beste praksis. I samarbeid med Merkur-konsulenten blir det laga ein mål- og tiltaksplan for kvar bokhandel.
Hjelp til omstilling
Merkurs arbeid med distriktsbokhandlane har blitt styrkt etter at Merkur bok vart lagt om i 2020. Då vart arbeidet med bokhandel fordelt på tre dedikerte Merkur-konsulentar, med kunnskap om utfordringane i bokbransjen.
Bokhandlar som deltar i utviklingsprogrammet, blir fylgt opp at Merkur-konsulenten på ulike måtar. Bokhandlane får mellom anna tilbod om webinar, hjelp til omstilling, Handle lokalt-kampanje og utviklingsstøtte. Regelverket for støtteordninga er endra ved at søknadsfristen er tatt bort.
På Merkurs nettside er laga eigne temasider for Beste praksis for bokhandel.