Det er Oxford Research som har gjennomført undersøkinga. Dei skildrar Merkur-programmet som eit godt organisert program som gir kjøpmennene verdifulle verktøy og økonomisk støtte som skapar tydeleg meirverdi for butikkane.
– Dette viser at Merkur-programmet er eit effektivt distriktspolitisk verkemiddel som bidreg til utvikling, ikkje berre av distriktsbutikkane, men også lokalsamfunna dei held til i.
Det seier Steinar Fredheim. Han er avdelingsdirektør i Distriktssenteret, som har ansvar for forvaltninga av Merkur-programmet.
– Det er kjekt å få så gode tilbakemeldingar frå butikkane. Det viser av vi gjer mykje rett. Samtidig inneheld brukarundersøkinga mange nyttige signal om kva som skal til for å treffe endå betre med hjelpa vi gir. Det er det viktigaste.
Stor etterspunad etter støttemidlar
- 50 distriktsbutikkar har fått støtte frå Merkur-programmet til å investere i teknologi for døgnopen drift og delvis sjølvbetjening, som både gir eit betre tilbod til kundane og betre lønsemd for kjøpmannen.
- 12 kommunar har samarbeidsavtalar med lokale butikkar, slik at dei fungerer som kommunale servicepunkt.
- Alle Merkur-butikkar (571 nærbutikkar og 76 bokhandlar) får oppfølging frå ein Merkur-konsulent. 50 butikkar har fått ekstra bistand til omstillingstiltak frå Merkur-konsulenten.
- Mange butikkar har fått støtte frå Merkur-programmet til solcelleanlegg eller andre enøk-tiltak for å redusere straumkostnaden.
- I tillegg til dei ordinære støttemidlane har Merkur-programmet gitt ekstra støtte til butikkar under koronapandemien og straumkrisa.
Stor etterspurnad etter støttemidlar har gjort det naudsynt med ei streng prioritering av alle søknader.
I framlegget til statsbudsjett for 2024 foreslår regjeringa å bruke 69,5 millionar kroner til Merkur-programmet. Det er 8,2 millionar meir enn i 2023. I år har Merkur-programmet hatt ei budsjettramme på 61,3 millionar kroner. Kring 41 millionar blir delt ut som økonomisk støtte. 20 millionar blir brukt til kompetansetiltak for butikkane.
Merkur-programmet er viktig for butikken
93% av butikkane som har svara seier at deltaking i Merkur programmet er viktig for butikken si overleving og lønnsemd.
Investeringsstøtta er viktig for alle butikkane si vidareutvikling og overlevingsevne, medan servicestøtta også er svært viktig for dei mindre butikkane.
Godt over halvparten av butikkeigarane påpeiker at Merkur-programmet er viktig for samarbeidet med kommunen, særleg når det kjem til tiltak og tenester som styrkar lokalsamfunnet. Butikkeigarane ønskjer at Merkur-programmet tek ei endå tydelegare rolle opp mot kommunane.
Rapporten viser at hjelpa frå Merkur-konsulentane er svært nyttig. Dei ulike utviklings- og innovasjonsprosjekta blir opplevd som nyttige av kjøpmennene, medan kompetanseprogrammet Merkur utvikling er med på å auke både lønsemd og leiingskompetanse
Oxford tilrår at det vert arbeidd endå meir med å styrke relasjonen til kommunane for å utvide marknadsmoglegheitene. Dette handlar både om Distriktssenteret sin rolle direkte mot kommunane, og korleis kjøpmennene blir utstyrt med verktøy for å etablere og styrke samarbeid med lokalsamfunn og kommune.