Prisen for Årets butikk blir delt ut etter ei samla vurdering av butikk-kvalitet, økonomisk utvikling og butikkens samspel med lokalsamfunnet.
Kjøpmann Bente Eggen tok imot prisen saman med dagleg leiar Rune Fossmo i Coop Ottadalen, som eig butikken. Prisutdelinga skjedde på Merkurs konferanse for nærbutikkar i Innlandet på Lillehammer.
Ny profil
Butikken i Bøverdalen vart tidlegare ein Coop Marked-butikk. No er butikken omprofilert til Coop Prix og har både fått ny drakt og eit heilt nytt konsept som døgnopen butikk.
Juryen seier at både kjøpmann og eigar har jobba mykje for å få gjenoppbygt butikken og lagt om drifta til delvis sjølvbetjening.
Herja av brann
Bygdesamfunnet opplevde i fjor vinter at butikken og hjartet i bygda vart herja av brann og stengt i lengre tid. Men dette gav også spelerom for å tenkje nytt om butikkdrifta.
Coop Ottadalen sette i gang ein offensiv for å få på plass ein døgnopen butikk og fekk gjennomslag for dette hos kjeden.
Bøverdalen er siste stopp før Jotunheimen og Galdhøpiggen, om du vil kjøre frå Lom til Sognefjellet. Halve året er fjellvegen stengt og vegen til Bøverdalen fungerer som ein blindveg.
SJÅ FILM: Butikken i Bøverdalen har fått laga film der dei presenterer den nye døgnopne butikken