Kvinnene som driv Luster Mat hadde store planar om å gå over til delvis sjølvbetjent butikk og rekna med at det skulle gå greitt å få investeringsstøtte frå Merkur.
Butikken oppfylte vilkåra for å få støtte og hadde lagt inn eit tilskot på 600.000 kr som delfinansiering.
Men då utstyret var bestilt, fekk dei avslag på søknaden. Merkur-kassa var rett og slett tom. Det hjelpte lite at andre butikkar har fått den same meldinga denne hausten.
Slag i trynet
– Vi fekk oss eit slag midt i trynet, fortel dagleg leiar Marit Einarsrud og styreleiar Gunn Kristin Alme i Luster Mat til Sogn Avis.
Butikkeigarane var fast bestemt på å gjennomføre investeringane. I samarbeid med Merkur-konsulent Atle Stalheim tok dei kontakt med Luster kommune som tidlegare i år hadde gitt 100.000 kr i utviklingstilskot til Joker-butikken, for innføring av ny driftsmodell med sjølvbetjening.
Luster kommune reagerte positivt på ny søknad om støtte. Formannskapet gav eit nytt utviklingsstilskot på 350.000 kr til butikken, for å hjelpe dei ut av den vanskelege situasjonen dei hadde kome opp i. Totalt sett har butikken no fått 450.000 kr, finansiert gjennom næringsfondet.
«Vi er heldige»
– Herre min hatt. Det var overveldande. Vi er veldig heldige som bur i Luster kommune og som kan få slik hjelp, kommenterte Gunn Kristin Alme til lokalavisa då vedtaket var klart.
Rådmannen viser til at kommunen har opna for at det kan gjevast tilskot til utviklingstiltak hos daglegvarebutikkar, slik regelverket for fordeling av midlar frå næringsfondet er utforma.
Luster kommune ser på butikkutvikling som bygdeutvikling og har laga eit regelverk som understrekar at bygdeutviklingsprosessar som dette har prioritet innan næringssaker.
Får enøk-støtte
Luster Mat har også søkte Merkur-programmet om investeringsstøtte til nytt kjøle- og fryserom og fryseanlegg.
Merkur har kunne gi eit tilskot på 218.000 kroner til dette formålet. Merkur har ein eigen pott for enøk-tiltak i haust. Dette er midlar som opprinneleg vart avsett til straumstøtte, men som no blir disponert til enøk-tiltak.