– Vi ønskjer det skal vere så lett som mogleg å levere gode søknader. Det skal også vere lett å forstå kva ein fyller ut, fortel avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.
Kvalitetssikra opplysningar om butikken
Når søknadene skal fyllast ut i 2024, er det fleire store og små endringar å legge merke til. Blant anna blir fleire av opplysningane om butikken henta frå Brønnøysundregistra.
Når du skal søkje, er det viktig at du har klar alle opplysningane om butikken. For å få lagt inn rette opplysningar om butikken, er det viktig at du har klart butikken sitt organisasjonsnummer til undereininga (undereiningsnummer). Dette nummeret vert av og til omtala som bedriftsnummer.
Er du usikker på kva nummeret er, kan du spørje rekneskapsføraren din. Dette er det same nummeret som du mellom anna brukar ved a-melding og digital sjukmelding. Du kan lese meir om undereiningsnummer her.
Når du legg inn undereiningsnummeret, vil skjemaet automatisk hente organisasjonsnummer til hovudeininga, namn og adresse til butikken frå Brønnøysundregistra. Når du brukar dette nummeret, blir det enklare for oss å kjenne att butikken din. Samtidig slepp du å leggje inn namn og adresse.
Tydelegare spørsmål
Du får også nokre spørsmål om det du søkjer pengar til. Då må du kort fortelje om bakgrunnen for prosjektet. Vi spør også kva nytte butikken vil ha av prosjektet, kva nytte lokalsamfunnet vil ha av prosjektet og korleis prosjektet vil bli gjennomført.
-Dette er spørsmål du ikkje har fått før, fortel Fredheim. Dette spør vi om for å få betre oversikt over kva slags prosjekt som vert gjennomført, og korleis dei bidreg til utvikling i lokalsamfunna. Når du skal be om sluttutbetaling, vil du få liknande spørsmål, for at vi skal få vite meir om korleis prosjektet har gått.
Når du søkjer om støtte frå Merkur-programmet, må du også oppgi kva støtte butikken har fått dei siste åra, sidan det er EØS-reglar om såkalla bagatellmessig støtte. Denne delen av skjemaet er endra for å gjere det lettare å gje riktige opplysningar.
Alle skjema vert tilgjengelege på både nynorsk og bokmål. Målforma i skjemaet vil følgje valet du gjer i Regionalforvaltning.
Dei nye skjemaa vert tilgjengelege etter nyttår.