Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Kinn kommune fornyar fem nærbutikk-avtalar
Bilde for Kinn kommune fornyar fem nærbutikk-avtalar
VINN-VINN: Styreleiar for Batalden-butikken, Nils Tore Karstensen, Kinn-ordførar Bengt Solheim-Olsen, styrar for nærbutikken i Batalden, Siv Rindheim, rådgjevar i Kinn kommune, Kristin Maurstad og Merkur-konsulent Atle Stalheim etter signeringa av avtalen på Fanøy. Foto: Kinn kommune

Kinn kommune fornyar fem nærbutikk-avtalar

18. desember 2023

Kinn kommune i Vestland har signert nye samarbeidsavtalar med fem Merkur-butikkar i Florø-bassenget. – Butikkane er utruleg viktige og blir vår forlenga arm i øyane, seier rådgjevar Kristin Maurstad i Kinn kommune.

Flora kommune deltok aktivt i Merkurs pilotprosjekt «Kommunen og nærbutikken» i 2017-19 og etablerte omfattande samarbeidsavtalar med fem øybutikkar. Butikkane forplikta seg til å yte ekstra service og formidle kommunale tenester i butikken. Kvar butikk fekk status som kommunalt servicepunkt.

No har desse avtalane blitt fornya for andre gong. Dei nye samarbeidsavtalane gjeld for perioden 2023-27.

Butikkane som er omfatta av avtalen ligg på Svanøy, Askrova/Tansøy, Stavang, Rognaldsvåg og Batalden.

Nyttig for kommunen

– Det er utruleg viktig for Kinn kommune å ha ein slik avtale. Butikkane blir vår forlenga arm der dei kan fange opp og gi oss nødvendig informasjon om kor skoen til ei kvar tid trykker, seier rådgjevar Kristin Maurstad i Kinn kommune til Firdaposten.

Serviceavtalen kostar Kinn kommune 50.000 kroner per butikk. Ein årleg kostnad på 250.000 kroner for å kunne drive kommunal service er ei billeg investering og vinn-vinn både for butikkane og for kommunen, meiner Maurstad.

Min-tenestetorg

– Då vi verken har omsorgsplassar eller skular ute på øyane, vil øybutikkane fungere som eit kommunalt mini-tenestetorg, seier Kristin Maurstad til Firdaposten.

Alle butikkane har dessutan ein kaffikrok der ein kan sette seg ned med ein PC og jobbe ved behov. Digitale løysingar og sjølvbetjening er noko som har styrkt butikkane på øyane.

Dei nye samarbeidsavtalane er nokså omfattande. Nærbutikkane skal mellom anna kunne hjelpe kundane med digitale tenester, formidle kommunal informasjon, vere lokalt vertskap, tilby arbeidstrening for innvandrarar, ha ei rolla beredskapspunkt, tilby hjartestartar, legge til rette for varelevering, tilby bibliotektenester og varsle om tømming av avfallsbehaldarar for glas og metall.

Teieplikt

Merkur-konsulent Atle Stalheim har representert butikkane i forhandlingane med kommunen. Saman med ordførar Bengt Solheim-Olsen og rådgjevar Kristin Maurstad besøkte han nyleg alle dei fem butikkane.

Avtalen legg opp til jamlege dialogmøte mellom kommunen og butikkane, for å sikre ei god oppfølging av avtalepunkta.

I tillegg til samarbeidsavtalen har kommunen også laga ein eigen avtale om teieplikt, for digital rettleiing der kjøpmannen kan få tilgang på personlege opplysningar.

LES MEIR:
Her er samarbeidsavtalen med Kinn kommune
Slik kan kommune og butikk samarbeide