Merkur-programmet har 10 innleigde konsulentar som arbeider i kvar sin region for å gjennomføre kompetanseprogrammet og bistå butikkane på ulike vis. Dei har 4-årsavtale med Distriktssenteret, og inneverande anbudsperiode går ut 31.7.2024. Avtalane vert difor lyst ut på nytt no.
– Merkur-konsulenten har ei svært viktig rolle i Merkur-programmet, og brukarundersøkingane viser at butikkane verdset støtten frå konsulentane høgt. Det er svært viktig med kunnskapsrike, aktive og tilgjengelege konsulentar som gir butikkane kompetanseheving, bidreg til kopling mellom kommune og butikk og bidreg til å nå måla i Merkur-programmet, fortel avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.
Det er Distriktssenteret som forvaltar Merkur-programmet på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
– Konsulentane har den direkte og tette kontakten med kjøpmennene. Konsulentane jobbar med å byggje opp kompetanse i butikkane og er ein viktig støttespelar for kjøpmennene i arbeidet med å betre lønsemda og få tilført tilleggsfunksjonar til butikken.
Fredheim håpar på mange tilbod innan fristen 19.2. kl 12.00.
– Butikkane fortener gode konsulentar som gir dei nye løft. Distriktsbutikkane er ein bærebjelke i lokalsamfunna sine og har drivarar som gjer ein uvurderleg innsats. Merkur-konsulentane har stor innverknad på motivasjon og kompetanse hos butikkane, og butikkane fortener at vi tilbyr konsulentar frå øverste hylle.