Håvard Skeie (60) er dagleg leiar for Joker Foldereid i Nærøysund og er ein aktiv kjøpmann i Merkur-programmet. Butikken på Foldereid vart opna av foreldre til Skeie i 1957. Etter militærtenesta i 1984 skulle sonen steppe inn og styre butikkdrifta i eit år. Han tok over og har drive butikken sidan den tid. Butikken blei med i Merkur-programmet allereie på 90-talet og har med hjelp av støtteordningane og ein dreven og framtidsorientert kjøpmann gjennomført fleire investeringar som utvikla butikken til ei solid handelsbedrift med positiv vekst og ei rekke tilleggstenester.
Gjennom deltaking i prosjektet «Butikken som sosial arena» i 2013 blei det òg oppretta kafe i tilknyting til butikken som sidan då har blitt ein populær og fast sosial møteplass for både bygdafolket og tilreisande. Skeie er ein framoverlent kjøpmann som engasjerer seg både i bransjen, han er Trøndelag sin representant i kjøpmannsrådet for Joker-kjeda, og i bygda med ulike typar arrangement og aktivitetar i kafeen samt gjennom samarbeid med kommunen om bl.a. språkpraksis for flyktningar. I fritida si stiller han også som styremedlem for musikklaget.
I 2023 blei Skeie sin butikk Joker Foldereid kåra til Årets butikk i Midt-Noreg. Juryen omtaler Skeie som «ein drivande kraft i mye av det som skjer i lokalsamfunnet […]» og som «ein kjøpmann som dei andre ser opp til […]».
Skeie er ikkje redd å utfordre dei rundt seg og er meir enn villig til å dele kunnskapen han har tileigna seg i løpet av 40 år med butikkdrift. Nysgjerrigheita av å ligge i forkant av ting og å kunne bidra med si erfaring er perspektivet Skeie tek med seg inn i Merkur-styret når han no går inn som nytt medlem frå 2024.
Kristian Aasbrenn (73), samfunns- og regionalforskar og emeritus ved Høgskolen i Innlandet, og erstatter Gunn Ovesen etter mange år som styremedlem. Aasbrenn er vakse opp og bur i Rendalen i Østerdalen. Han er utdanna samfunnsgeograf med statsvitenskap og historie i fagkretsen og har gjennom ein lang ykreskarriere vore innom både journalistikk og forvatterverksemd. Etter endt forskarutdanning blei forsking og undervising hovudaktivitetane i yrkeslivet. I tillegg var han bl.a. med i programstyret for Norges forskningsråd for programmet «Kyst- og bygdeutvikling» og var medlem i Demografiutvalget som hadde oppdrag å utrede konsekvensar av demografiutfordringar i distrikta. Interessa hans som forskar har dreidd seg om tenesteorganisering i den desentraliserte velferdsstaten og utviklinga og utfordringane distrikta står overfor.
Han meiner det å evne å planlegge og legge til rette for befolkninga ved å tilpasse tiltaka til befolkninga og staden sine premissar, er ein måte å møte trenden av folketalsnedgang i norske utkantsamfunn på. Han trekker fram Merkur-programmet som eit godt eksempel på å tenke både realistisk og konstruktivt og tenker å bruke posisjonen i Merkur-styret som læringsarena for å kunne bidra med sin kompetanse og samarbeide om interessa for utvikling av lokalsamfunn i distrikta med nærbutikken si rolle i fokus.