Stortinget gav Merkur-programmet ei samla løyving på 69,5 mill. kroner for 2024. Det er 9 prosent meir enn i 2023 og ei etterlengta justering i forhold til prisstigninga.
Merkur-styret har i sitt første styremøte i 2024 vedtatt å bruke 49,5 mill. kroner i støtteordningane i 2024, inkludert overførte og inndregne midlar frå tidlegare år.
Kompetanseprogrammet blir på 23,05 mill. kroner i 2024. Mesteparten av dette, 18,7 mill. kroner, skal gå til butikkoppfølging, omstillingsordninga og Merkur-utvikling for nærbutikkar og bokhandel.
Investeringsstøtta utgjer den største delen av støteordningane. Her er det er sett av 42,89 mill. kroner.
Merkur-styret har vedtatt at alle frigjorte midlar frå avslutta tilsegn i 2024 skal gå til nye investeringsstøttesøknader framfor søknader om støtte på dei andre støtteordningane.
Styret har vedteke at investeringsstøtte skal delast ut til prioriterte føremål, på same måte som i 2023.