Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Vidarefører prioriterte støtteformål
Bilde for Vidarefører prioriterte støtteformål
ENØK PRIORITERT: Investeringar til enøk-tiltak, som modernisering av kjølediskar, er blant tiltaka som får høg prioritet også i 2024

Vidarefører prioriterte støtteformål

21. februar 2024

Distriktssenteret og Merkur-styret vidarefører den tydelege prioriteringa av støttemidlane slik det blei praktisert mesteparten av året 2023.

Eit veksande behov for modernisering hjå butikkane og ei støtteramme som på det næraste var oppbrukt alt sommaren 2023, har ført til stor pågang av søknader. Gjennomsnittleg omsøkt støttebeløp om investeringsstøtte har også auka kraftig i starten av året.

Merkur-programmet har i 2024 ei ramme på 49,5 mill. kroner til støtteordningane, der 42,9 mill. kroner er sett av til investeringsstøtte.

Prioriterte formål

Målet med investeringsstøtte er at små daglegvarebutikkar blir moderniserte, meir lønnsame og gir innbyggjarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-forskrifta legg opp til at Distriktssenteret skal prioritere dei søknadene som best støttar opp om formålet.

I 2024 vil Distriktssenteret og Merkur-styret prioritere tildeling av økonomisk støtte til prosjekt innanfor desse tre kategoriane:

  • Teknologi og nye moglegheiter
  • Energieffektiviserande tiltak
  • Utviklingsaktør i lokalsamfunnet med lønnsame og berekraftige tilleggstenester

For å få innvilga støtte til prioriterte formål er det avgjerande at søknaden inneheld dokumentasjon som skildrar planlagde tiltak og kva effekt tiltaka vil ha for butikken si omsetning og overlevingsevne. Dette kan til dømes vere langsiktig prosjektplan i form av detaljert prosjektbeskriving, lønsemdsanalyse, tidsplan for gjennomføring av prosjektet, plan for ekstern finansiering m.m.

– Det er stor etterspurnad etter støtte. Vi vil vurdere alle søknader opp mot dei prioriterte støtteformåla og ein del søkjarar vil nok oppleve å få mindre tilskot enn det dei søkjer om eller få avslag på søknaden sin om den gjeld formål utanfor dei prioriterte område, seier avdelingsdirektør i Distriktssenteret, Steinar Fredheim.

Fredheim rår søkjarane til å ha tett dialog med Merkur-konsulenten sin når dei skal søke om støtte.

Støttesatsar

Når nokre gode formål blir prioritert opp, betyr det at andre formål blir nedprioritert. Det vil bli vurdert tilsegn med redusert støttesats eller avslag på søknader som gjeld investeringsformål utanfor dei prioriterte kategoriar.

Butikkar med årsomsetning på under 8 mill. kroner kan få

  • inntil 75 prosent i investeringsstøtte (maksimal støttesats) dersom formålet med investeringa ligg innanfor ein av dei tre kategoriane.
  • inntil 50 prosent investeringsstøtte (redusert støttesats) om dei søker støtte til formål utafor dei tre kategoriane.

Butikkar med årsomsetning på mellom 8 og 13 mill. kroner kan få

  • inntil 50 prosent i investeringsstøtte (maksimal støttesats) dersom formålet med investeringa ligg innanfor ein av dei tre kategoriane.
  • inntil 25 prosent investeringsstøtte (redusert støttesats) om dei søker støtte til formål utafor dei tre kategoriane.

Distriktssenteret vil gå gjennom og vurdere alle søknader om investeringsstøtte ut frå kva som er formålet med investeringa.

Butikkar som søker om finansiering til fleire tiltak samtidig, kan få tilsegn om ulik støttesats for ulike formål. Butikken kan ikkje omdisponere tildelte midlar innanfor ei tilsegn, men må søke om omdisponering av midlane på førehand.

Investeringsstøtte til drivstoffanlegg

Opprusting av eksisterande drivstoffanlegg som er knytt til ein Merkur-butikk vil framleis bli prioritert blant søknader om investeringsstøtte til drivstoffanlegg i 2024. Dette gjeld t.d. utskifting av pumper eller betalingsterminalar. Til det vil Merkur-butikkar kunne få inntil 50 prosent investeringsstøtte.

Butikkar som søker om investeringsstøtte til andre formål innanfor drivstoffanlegg vil kunne få inntil 25 prosent støtte eller avslag.