Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Prøver ut mentorar i nytt pilotprosjekt
Foto av en gruppe på ni personer foran eit stort bilete av eit dampskip
Størstedelen av mentorane i pilotprosjektet på samling og opplæring. (Foto: Aina Sofie Brox/Distriktssenteret)

Prøver ut mentorar i nytt pilotprosjekt

23. februar 2024

Ni Merkur-kjøpmenn får opplæring for å bli mentorar for nye kjøpmenn. Distriktssenteret gjennomfører no eit pilotprosjekt for mentoropplæring med mål om å starte eit nasjonalt mentorprogram frå 2025.

– Mentorprogrammet vil vere ein ekstra ressurs og opplæring som gjer at nye kjøpmenn får ein god start i kjøpmanns- og drivarrolla, fortel avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret.

– Dei siste åra har vi opplevd eit generasjonsskifte over heile landet, blant både kjøpmenn og bokhandlarar, og det har vore krevjande å få på plass nye folk til å ta over drifta. Mentor-ordninga skal bidra til å gjere det enklare å oppretthalde nærbutikken med varer og tenester nær folk på små stader.

Kvifor mentorprogram?

Mentoropplæringa skal vere eit eige program for kjøpmenn og drivarar av daglegvare og bokhandel som ynskjer å ha rolla som mentor for nye kjøpmenn. Opplæringa skal gi mentorane kunnskap og nettverk som set dei i stand til å utøve rolla som mentor på ein fagleg god måte. Med ei slik ordning vil ein kunne byggje eit større nettverk, i samarbeid med Distriktssenteret, drivarar, konsulentar og aktuell kjede. Etter opplæringa vil dei påmeldte kjøpmennene bli godkjende mentorar i Merkur.

Avgrensa pilot

Erfarne kjøpmenn og bokhandlarar er plukka ut for å vere mentorar i sin region i pilotprosjektet. Gjennom piloten ønskjer Distriktssenteret å lære meir om kva vi kan oppnå med å bistå nye kjøpmenn med hjelp frå ein erfaren kjøpmann. Mentorar og dei som får tilbod om bistand er plukka ut i nært samarbeid med butikkkjedane. I første omgang får 9 ferske kjøpmenn av daglegvare og bokhandlar moglegheit til å nytte tilbodet.

Om pilotprosjektet er vellukka ønskjer Distriktssenteret å tilby dette til nye kjøpmenn over heile landet frå 2025, og vil rekruttere erfarne kjøpmenn og bokhandlarar som mentorar i alle Merkur-regionar.

Dette er mentorane som er med på pilotprosjektet:
  • Aslak Anda (Prix Brusand)
  • Anbjørn Vaage (Joker Erfjord)
  • Lars Tveiten (Joker Tuddal)
  • Simen Markussen (Samhald Landhandel)
  • Anne Britt Straumsøy Brekke (Norli Odda)
  • Siri Strømmevold (Tynset Bokhandel)
  • Gro Karete Bråtveit (Norli Ålgård)
  • Torild Trovatn (Matkroken Trovatn)
  • Kai Gjølberg (Norli Dokka)
To menn foran ein plakat med tekst
Merkur-konsulentane Lars Helgeland og Hallvard Christenson som har sett saman og gjennomfører pilotprosjektet for mentorar Merkur-programmet. (Foto: Aina Sofie Brox/Distriktssenteret)

Mentoropplæring

Nyleg var mentorane samla i Bryne for å førebu seg på rolla. Det er Merkur-konsulentane Lars Helgeland og Hallvard Christenson som har sett saman opplegget for det nye mentorprogrammet og gjennomførte samlinga. Ein viktig del av samlinga var å få innspel om og reflektere rundt korleis mentorane kan samhandle med den ferske kjøpmannen og kva som skal til for å løfte både butikken og den nye kjøpmannen. Dei fekk også med seg praktiske verktøy frå dei erfarne Merkur-konsulentane.