Butikken har hatt ein stabil vekst i mange år og med ein solid økonomi er det grunnlag for fornying tilpassa dei stadig endra behova i kundegruppa. Det vert lagt til rette for kundane og her vil ein det aller beste for alle som besøker butikken.
Butikkens kjøpskvinne i fjerde generasjon, Torhild Monkan, blei heidra som både utruleg erfaren og dyktig. Det var sonen David som tok imot diplom og blom på vegne av butikken under Merkur-programmet sin regionkonferanse i Trondheim.
Han bekrefta juryen sine ord med å fortelje om bursdagshelsing han sendte til mora tidleg på morgonen på 66-års dagen hennar «Gratulerer med dagen, no kan du gjere kva du vil» skreiv han. Svaret fekk han med det same frå mora som alt var i gang i butikken «Det er dette her eg vil».
Best i kjeda
Prisen for årets butikk frå Merkur-programmet er berre den siste i ei rekke prisar som Matkroken Bessaker har fått tildelt i det siste. I fjor fekk dei kjeda sin pris for årets Matkrokenbutikk i region Midt/Nord blant små butikkar. I år fekk dei pris for årets Matkrokenbutikk nasjonalt.
Butikken er heile tida på jakt etter moglegheiter i marknaden og har med støtte frå Merkur-programmet fått utvikla seg kontinuerleg over tid.
Den framoverlente innstillinga og openheit for å ta i bruk nye verktøy har bidratt til butikken sin suksess. Butikken marknadsfører seg både med ei eiga nettsida der ein blant anna kan bestille varer som enten blir levert og kan hentast, og med artige innlegg på facebook-sida i form av vers på dialekt.
Møteplass for bygda
I tillegg til drivstoffpumpe, medisinutsal, turistinformasjon, tipping, post, gjestehamn, fiskeutstyr, jernvarer og sal av lokale produkt er det også etablert ein kaffikrok ved butikken. Denne sosiale møteplassen har vore og er ein unik treffplass for heile bygda – både fastbuande, hyttefolk og turistar. Vertskapet er ein viktig bidragsytar og miljøfaktor her – både som kaffekokarar, lokale kunnskapsbankar og entreprenørar for bygdas utvikling.
Butikken er primus motor i mykje av det som kjem opp som nye idear i bygda. Dei gjer ikkje alt sjølv, men er viktige tilretteleggarar for at samfunnet beveger seg framover heile tida.
Juryen hadde mange gode kandidatar på blokka som også hadde fortent ein pris. De aller fleste butikkene har lagt et par turbulente år bak seg, og har lagt ned stor innsats for at butikken skal utvikle seg videre.
Under prisutdelinga fekk butikken også ei helsing frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande.