Av støttemiddelramma på 42,89 millionar kroner som blei sett av til investeringsstøtte i 2024 er det gitt tilsegn på 39,5 millionar hittil i år. Køen på innsendte søknader er lengre enn resterande midlar vil kunne dekke. Merkur-programmet fekk heller ingen ekstra midlar tildelt gjennom revidert nasjonalbudsjett for 2024 slik at ein no snart går tom for midlar som gjeld investeringsstøtte.
Inndregne, unytta midlar frå 2023-ramma, som var øyremerka til ENØK-tiltak, vil bli overført til 2024-ramma og nytta til søknader om støtte til ENØK-tiltak så langt dei rekk i år. Det er ikkje midlar til å prioritere andre føremål.
Servicestøtte
Det er framleis att midlar til servicestøtte slik at butikkar som oppfyller vilkåra til denne ordninga kan søke om det.