Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Avviklar Merkur-styret
Merkur-programmet logo

Avviklar Merkur-styret

3. september 2024

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KDD) har vedteke å avvikle ordninga med eit styre for Merkur-programmet frå årsskiftet. Dette har ikkje innverknad på butikkane.

Merkur-styret vert avvikla frå 1.1.2025. Dette vil ikkje ha direkte innverknad på butikkane som brukar ordninga. Den einaste endringa for butikkane er at KDD skal overta som klageinstans, men klageprosessen for butikken er uendra: Klage skal framleis sendast til Distriktssenteret.

KDD har vurdert organisering og styring av Merkur-programmet. Dei har kome fram til at ordninga med eit eige programstyre gir uklare styringslinjer. For å sikre vidare dialog med butikkjedane om det butikkfaglege, planlegg departementet å opprette eit fagleg forum som skal gje innspel til vidareutvikling av Merkur-programmet. I tillegg vil Distriktssenteret halde fram den faste dialogen med dei enkelte kjedane.

Av: Dan-Erik Aggvin