Dei nye konsulentane tek over for Stig Olson og Roy Michaelsen, som begge har vore Merkur-konsulentar i ei årrekkje.
Merkur-programmet har 10 konsulentar som har ansvar for oppfølging av kvar sin region og saman dekkjer dei heile landet. Kjøpmenn, lokalsamfunn eller kommunar kan ta direkte kontakt med Merkur-konsulenten for å få hjelp til butikkutvikling, nyetablering, omstillingsarbeid, samarbeidsavtale mellom kommune og butikk eller liknande oppgåver. Konsulentane har fireårige avtalar med Distriktssenteret om å gjere denne jobben. Frå 1. august 2024 starta ein ny konsulentperiode, og Merkur-programmet fekk inn 2 nye konsulentar. 8 konsulentar har fått fornya kontrakten sin.
Kjennskap gjennom tidlegare samarbeid
Ingrid Langklopp (50) overtek rolla som Merkur konsulent etter Stig Olson, som har vore i Trøndelag og Nordmøre/Romsdal. Ho er dagleg leiar i konsulentfirmaet Stagegaard-Langklopp AS, som blei oppretta i 2006.
– Norge treng at distrikta fungerer. Og for at folk skal trivast og busette seg utafor dei store byane og tettstadene, er attraktive lokalsamfunn heilt avgjerande, seier Ingrid.
-Nærbutikken er hjarta i små lokalsamfunn – og som Merkur-konsulent ser eg utruleg mykje fram til å arbeide med utvikling av nærbutikk og lokalsamfunn i heile min region.
Ingrid har utdanning innan marknadsføring, leiing, bedrifts- og forretningsutvikling. Ho har over 25 års erfaring med blant anna prosjektleiing, sal og strategi. Ho har og erfaring innan etablering, leiing og koordinering av større samarbeidsprosjekt, bedriftsetablering og omstilling.
Ingrid kjenner til Distriktssenteret og Merkur-programmet via tidlegare samarbeid, blant anna prosjekta Bygda 2.0 og pilotprosjektet Framtidas nærbutikk i det fleirfunksjonelle bygget. I pilotprosjektet jobba ho i team med andre Merkur-konsulentar, og har fått kjennskap til Merkur-programmet og moglegheiter for utvikling av dei små butikkane i lokalsamfunnet.
Ingrid har eit stort engasjement for lokal samfunnsutvikling, og ynskjer å bruke dette engasjementet inn i arbeidet med Merkur-butikkane.
Rollebytte mellom far og son
Då Kenneth Michaelsen (41) vann konkurransen om å vere Merkur-konsulent i Agder, enda han opp med å overta oppdraget etter sin far, Roy Michaelsen. Roy var ikkje med i konkurransen, etter å ha vore Merkur-konsulent sidan oppstarten i 1995.
Kenneth har tidlegare samarbeidd med den førre konsulenten, og har god kjennskap til Merkur-programmet og butikkane i regionen.
Kenneth er i dagleg leiar i det nyoppretta konsulentfirmaet Butikkutvikling Agder AS i Mandal. Han har utdanning innan varehandel og leiing, og har 20 års erfaring frå butikkarbeid, blant anna som driftssjef og butikksjef. Kenneth er oppteken av at nærbutikkane skal utvikle seg og levere resultat, og vil med sin allsidige erfaring frå bransjen vere ein stor ressurs.
– Eg ser fram til å kunne bidra til at lokalbutikkane i Agder består, og at dei framstår som viktige møteplassar også i framtida, seier Kenneth.