Joker Fogn har hatt ei rivande utvikling etter at noverande drivarar tok over eit konkursbu i 2015. Sidan den gong er butikken pussa opp, og det er gjort investeringar og forbetringar jamleg. Med hjelp frå Merkur-programmet har butikken fått kaffebu, ny panteautomat, kjøleanlegg og kjøttdisk, solcelleanlegg og andre enøktiltak.
Det siste store løftet var opninga av delvis sjølvbetent butikk i mai 2024. I denne butikken har omsetninga auka med 12 %.
Butikken på Fogn er den einaste butikken på øya, og er ein viktig sosial møteplass. Drivarane er flinke å tenkje nytt, og tek ei rolle som støttespelar for lokalsamfunnet. Dei arbeider også med å gjere innbyggjarane merksame på utfordringane med handelslekkasje.
– Prisen er ei anerkjenning av jobben dei tilsette gjer kvar dag, til beste for våre kundar. Dette gir motivasjon for det vidare arbeidet, både blant dei tilsette og oss i styret, sa Pål Grønås under prisutdelinga.