Vert forslaget til statsbudsjett vedteke, vil Merkur-programmet få 79,6 millionar kroner neste år. Dette skal fordelast på støtteordningane og kompetanseprogrammet. Regjeringa vil at dei minste butikkane i dei mest perifere områda skal bli prioritert.
– Å ha ein nærbutikk er viktige for både fastbuande og tilreisande, og for beredskapen i mange bygder når noko uventa skjer. Merkur-programmet er med å sikre nærbutikkar over heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) i ei pressemelding frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Avdelingsdirektør Steinar Fredheim i Distriktssenteret, som forvaltar Merkur-programmet, seier det er stor etterspurnad etter tilboda frå Merkur-programmet. I år er størstedelen av støttemidlane brukt opp, og han ventar stor pågang av søknadar om investeringsstøtte etter nyttår.
– Mange vil gjennomføre digitaliserings- og enøktiltak for å sikre framtida til butikkane sine. Auka ramme vil gjere det mogleg for oss å gje bidrag til dette i fleire butikkar, seier Fredheim.