Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Joker Sel er årets butikk på Innlandet
Årets butikk 24 Innlandet - Joker Sel, Vigdis Myhre Næsseth, Torunn Ulen, Charlotte Stueflotten, Preben Woll Bostad
PRISUTDELING: På Merkur-konferanse i Innlandet fekk Joker Sel prisen som Årets butikk. F.v. Merkur-konsulent Vigdis Myhre Næsseth, Torunn Ulen, Charlotte Stueflotten (begge frå Joker Sel) og Preben Woll Bostad frå Distriktssenteret.

Joker Sel er årets butikk på Innlandet

17. oktober 2024

Joker Sel er utnemnt til Årets butikk i Innlandet. Bak butikken står ei bygd og lokale eldsjeler som ville mykje.

Under Merkur-programmet sin regionkonferanse for Innlandet nyleg fekk Torunn Ulen og Charlotte Stueflotten overrekt prisen. Saman med den fekk dei ei innramma helsing frå kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Då butikken i Sel vart lagt ned, ville bygda det annleis. Dei fekk på plass nye eigarar, nye drivarar og knytte seg til ein annan kjede.

– Takk vera sjølve bygdesamfunnet og lokale eldsjeler, unngikk bygda å miste butikken. I siste sving, står det i grunngjevinga frå juryen.

Juryen skildrar kjøpmenn som har gått frå det trygge til dei meir uføreseielege gründerlivet. Dei har løyst utfordringar etter kvart som dei kjem, og har urokkeleg tru på at dette skal gå. Alltid like blide er dei også.

– Dette er ikkje kvardagskost, og det er mange som skulle gått i lære her.

Merkur-programmet deler kvart ut regionvise prisar til Årets butikk. For å få prisen må butikken ha god standard, kreative og lønsame tilleggstenester og aktivitetar og vere ein møteplass for bygdefolket. God utvikling av butikkdrifta og ein kjøpmann som er samfunnsentreprenør tel også med i vurderinga.

Av: Dan-Erik Aggvin