Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Joker Hjelledalen prisvinnar i vest
Fire personer som står oppstilt og viser fram diplomer og blomster
Fra prisutdelinga for Årets butikk 2024 Sogn og Fjordane og Sunnmøre. F.v. Atle Stalheim (Merkur-konsulent), Steinar Fredheim (Distriktssenteret), Gunn Sørum (Joker Hjelledalen), Rita Navarsete (Sogndal kommune) (Foto: Distriktssenteret)

Joker Hjelledalen prisvinnar i vest

24. oktober 2024

Å tenkje stort og stå på. Det har vore med på å gje Joker Hjelledalen prisen som Årets Merkur-butikk i region Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

– Det er mange gode kandidatar som kan vinne denne prisen,  seier Merkur-konsulent Atle Stalheim. – Noko av det som slår ekstra positivt ut er evna til å stå på over tid.

Sjølv om Joker Hjelledalen Buda AS i Stryn kommune ikkje er ein stor butikk, har butikken hatt høge mål og tenkt stort. Etter over 20 års drift har butikken digitalisert drifta, og framstår som ein moderne og veldriven butikk.

Prisen Årets Merkur-butikk vert delt ut i alle Merkur-regionane kvart år, og for å få utmerkinga, må butikken ha god kvalitet, tilleggstenester og aktivitetar. Vinn ein prisen, er butikken ein møteplass i bygda, og har positiv økonomisk utvikling. Kjøpmannen er samfunnsentreprenør og bryr seg om både bygda si og berekraft.

I lokalavisa er butikkdrivar Gunn Sørum skildra som lokalpatriot med entusiasme og stå-på-vilje. Sjølv utan å liggje på ein stor plass, har butikken utvikla seg år etter år, og overskotet har i stor grad gått med til å investere i vidareutvikling. Det siste store løftet var opninga av delvis sjølvbetent butikk i februar.

Av: Dan-Erik Aggvin