Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Siste frist for utbetaling
Bilde for Siste frist for utbetaling

Siste frist for utbetaling

3. desember 2024

Søndag 15. desember er siste frist for å be om utbetaling av tilskot frå Merkur-programmet i 2024.

Butikkar som ønskjer utbetaling av tildelt støtte frå Merkur-programmet før årsskiftet, må rapportere og sende inn komplett utbetalingsanmodning i god tid før årsskiftet.

Distriktssenteret har sett opp følgjande fristar, for å kunne gjennomføre saksbehandlinga før jul:

  • Siste frist for innsending av utbetalingsanmodningar i regionalforvaltning.no: søndag 15.12.
  • Siste utbetaling av støtte frå Merkur-programmet i 2024: torsdag 19.12.

Hugs å svare tydeleg på spørsmåla i utbetalingsanmodninga og levere alle opplysningar og vedlegg som det er krav til.

Av: Dan-Erik Aggvin