Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Søk om investeringsstøtte innan 15.12.
Bilde for Søk om investeringsstøtte innan 15.12.
Fristen for å søkje om investeringsstøtte i 2024 er 15.12.

Søk om investeringsstøtte innan 15.12.

3. desember 2024

Frigjorte midlar gjer at det no er mogleg å søkje om investeringsstøtte, sjølv om vi i juni varsla at Merkur-programmet snart var tom for midlar til denne ordninga.

Når ein butikk brukar mindre pengar enn planlagt på eit prosjekt, eller dei ikkje gjennomfører det i det heile, vert dette frigjorte midlar som kan brukast på nytt. Ubrukte midlar frå andre deler av Merkur-programmet vert også flytta til investeringsstøtte på slutten av året, sidan behovet er størst der. Dette er grunnen til at det no er pengar tilgjengeleg sjølv om Merkur-programmet melde om at det snart var tomt for midlar til investeringsstøtte tidlegare i år.

Har butikken din fått avslag på grunn av få midlar tidlegare i år, eller har du eit nytt tiltak du vil søkje på, er det lurt å søkje no. Har du allereie søkt, men ikkje fått svar, er søknaden under handsaming. Vi prioriterer sakshandsaming av søknader om investeringsstøtte i tida framover, og vil gjere vårt beste for å behandle desse før årsskiftet. Nokre søknadar vil kunne bli liggjande til over nyttår.

Frist for å sende søknad er 15. desember.

Av: Dan-Erik Aggvin