Monica Feidje Midlang er styreleiar for Feiosbui og ser fram til å gi kundane sine eit betre tilbod og bli ein meir attraktiv arbeidsplass.
– Det er dette som er framtida, og vi ser jo at dei andre som har gjort det lukkast.

No håpar ho på auka omsetning. Den digitale driftsmodellen har lisenskostnadar som gjer drifta dyrare, men Midlang trur det vil gå fint å dekkje inn kostnadene – og få auka innteninga nok til å kunne ta tak i andre investeringsbehov. Ho nemner både elektroniske hylleforkantar og ny fruktkjøl som punkt på ønskelista. Ho er også nysgjerrig på korleis det nye digitale systemet kan brukast på andre gode måtar.
– I distrikta ser vi no ei rekkje nye tiltak og teknologiar som forbetrar handleopplevinga. Det bidreg til å modernisera butikkane og gjera dei meir berekraftige økonomisk, samtidig som dei møter behovet til kundane på ein betre måte, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande, som stod for nyopninga.
Butikk for alle
Feiosbui er ein liten butikk som har vore gjennom ein omfattande snuoperasjon. Midlang fortel om eit brennande engasjement i bygda, som viser at bygda vil ha butikken. Varemottak og mykje anna får butikken dugnadshjelp til. For å gjere butikken klar for utstyret som trengs for digitaliseringa, har det gått med mange dugnadstimar. Feios bygdelag er hovudaksjonær i den bygdeeigde butikken, og ein god samarbeidspartnar.
– Det er også svært viktig for oss å ivareta dei som ikkje føler seg trygg på teknologien, dei skal få all hjelpa dei treng, forsikrar Midlang.
Frå bygda er det 19 kilometer rasutsett veg til kommunesenteret Vik.
– Vi er også ei typisk bygd der folk pendlar ut, så det kan vere vanskeleg for folk å handle når butikken stenger klokka fem.
No vert butikken den første søndagsopne butikken i kommunen. Sidan den er liten, kan den ha fjernbetening på raude dagar. Midlang er spent på om dei treff med varebestilling til jula. Kor mange vil nytte høvet til å handle gjennom høgtida, og kor mykje varer trengs til det?
Nyopninga i Feios vart feira med snorklypping, kake og kaffi.