Merkur-programmet  ›  Aktuelt  ›  Bygdelivsbutikken – nærbutikkar som møteplass og velferdssentral
Hvit trebygning med skilt som viser at det er et butikklokale
Joker Grue Finnskog er ein av butikkane som deltek i bygdeutvikling gjennom butikkutvikling

Bygdelivsbutikken – nærbutikkar som møteplass og velferdssentral

20. desember 2024

Prosjektet er eit initiativ frå Innlandet fylkeskommune, og tiltak i handlingsprogrammet for Regional plan for det inkluderende Innlandet. Distriktssenteret er samarbeidspartnar i prosjektet.

Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling

Arbeidet skal overordna bidra til attraktive og berekraftige lokalsamfunn gjennom å styrke nærbutikken si rolle som møteplass- og velferdssentral i Innlandet. Mange av desse butikkane er små og sårbare, samstundes som dei yter mykje ekstra. I prosjektet arbeider butikkar, bygder og kommunar med fysisk møteplassutvikling, styrking av samarbeid og kunnskap om moglegheiter og verktøy som bidreg til framtidsretta og velfungerande tilbod og løysingar for sitt lokalsamfunn.

 

Desse butikkane deltek i arbeidet:
  • Joker Grue Finnskog i Grue kommune
  • Coop Prix Lalm i Vågå kommune
  • Nærbutikken Svatsum i Gausdal kommune
  • Nærbutikken Lesjaverk i Lesja kommune
  • Coop Marked Vingelen i Tolga kommune.

Støtte og rettleiing frå fylkeskommune, kommune og Distriktssenteret

“Gulrota” for butikkane som deltek er at dei kan få inntil 200 000 kroner kvar til å utvikle seg som ein enda betre møteplass og velferdssentral i bygda. Fylkeskommunen og kommunane spleiser på tilskota. Distriktssenteret støttar med kompetanse og rettleiing. Butikkar som fell inn under støtteordningane i Merkur-programmet kan også søke ordinær støtte til utviklingstiltak.

Sidan sommaren 2024 har dei lokale prosjekta jobba med å forankre og samle innspel til utviklingstiltak frå bygda, kommunen og andre relevante samarbeidsaktørar. Det er gjennomført lokale arbeidsmøter og bygdelivsmøter, og ei midtvegssamling for alle deltakarane. Innan februar 2025 skal dei lokale arbeidsgruppene prioritere sine samarbeidsområde og tiltak, slik at desse kan gjennomførast i løpet av 2025.

Illustrasjon fra rapporten til Civitas. Illustrasjonen viser samarbeid mellom butikken, bygdefolket, kommunen og andre styresmakter

Utforskar mogleg sertifiseringsordning

Parallellt med dei lokale utviklingsprosessane, utforskar prosjektet også ei mogleg ny ordning med sertifisering av bygdelivsbutikkar. Eit forslag til kriterium og aktuelle fordelar er utarbeidd av Civitas, på oppdrag frå Distriktssenteret.

I dei lokale utviklingsprosessane er føreslegne kriterier brukt som utgangspunkt for drøfting av utviklingstiltak. Dette har fungert godt og blir opplevd å vera nyttig. Dei fem pilotprosjekta skal teste desse ut. Målet er å finna ut om ei sertifiseringsordning kan hjelpe til med å styrkje bygdebutikkar og slik sikre viktige kvalitetar, funksjonar og tenester for innbyggjarar, lokalsamfunn, kommune og storsamfunn.  

Sluttsamling og evaluering

Prosjektet blir avslutta med sluttsamling for dei lokale prosjekta sommaren 2025, sluttevaluering og oppsummering er planlagt hausten 2025.

Av: Distriktssenteret