Omstilling bok

Merkur-programmet  ›  For bokhandel  ›  Omstilling bok
Omstillingsordninga

Hjelp til butikkar i krise

Merkur-konsulenten kan gi verdifull hjelp når bokhandelen står i fare eller har store problem med å få til lønnsam drift.

Når den gamle kjøpmannen må gi seg og ingen står klar til å ta over, kan Merkur-konsulenten gi ei hjelpande hand for å sikre det service- og kultur-tilbodet som bokhandelen representerer.

Merkur-konsulentane er bedriftsrådgivarar som har verdifull kompetanse på drive utviklings-prosessar, kombinert med kunnskap om butikkdrift og tilleggsfunksjonar.

Slik fungerer omstillingsordninga

  • Omstillingsordninga er eit tilbod om profesjonell hjelp i krevande situasjonar, som butikknedlegging eller konkurs, generasjonsskifte, eigarskifte eller nyetablering.
  • Ordninga blir også brukt i situasjonar der kjøpmannen treng oppfølging av bedriftsrådgivar for å møte utfordringar knytt til salssvikt eller forverra konkurransesituasjon.
  • Ordninga kan også brukast til å arbeide med å etablere formelt samarbeid mellom kommune og bokhandel.

Treng du hjelp til omstilling?

Kjøpmenn som har behov for hjelp, kan ta kontakt med den regionale Merkur-konsulenten.