Viktig møteplass
Sokndal kommune har stor handelslekkasje både mot Egersund i nord og Flekkefjord i sør. Dei fleste faghandelsbutikkane i kommunesenteret har flytta eller lagt ned. Bokhandelen heldt til i ei gammal handlegate med mange nedlagde butikkar.
Denne bokhandelen har mykje av den same rolla som daglegvarebutikkane har i eit lite lokalsamfunn. Bokhandelen har rett og slett blitt ein stad der bygdefolket møtest.
Sal til kommunen
Sokndal kommune har tatt eit klart val om å handle mest mogleg på den lokale bokhandelen. Salet til kommunen utgjorde 10 prosent av omsetninga i bokhandelen i 2021.
Rådmannen har sendt ut brev til alle kommunale leiarar med oppmoding om å sjekke ut om den lokale bokhandelen har dei varene dei har behov for, før det blir bestilt varer frå andre leverandørar.
– Bokhandelen gjør en betydningsfull og viktig jobb gjennom å levere varer til vårt lokale næringsliv, være et uformelt kulturelt møtested, fremme leselyst og lokallitteratur og være en reddende engel når vi plutseleg går tom for noe, seier rådmann Lars Arne Oldernes.