Slik jobbar vi

Merkur-programmet  ›  For bokhandel  ›  Slik jobbar vi

Slik jobbar Merkur-bok

Kompetanseprogram, besøksordning, omstillingordning, samlingar og nettverksarbeid. Dette er dei viktigate tilboda i Merkur bok.

Merkur har utvikla eit prosess-orientert utviklingsprogram for bokhandlarar med 5 samlingar, kvar på 2 dagar, leia av ein Merkur-konsulent. Samlingane blir lagt opp praktisk, med grupper på 10 deltakarar. Tema for samlingane har vore økonomi, kundebehandling/sal, butikkdrift, kontakt med lokalsamfunn, tilleggsoppgåver mm. Utveksling av erfaringar og bokhandel-besøk er viktige delar av programmet.

Mellom kvar samling har deltakarane fått besøk av Merkur-konsulenten som har gått gjennom drifta til bokhandelen. Det har også blitt gjennomført kunde-undersøkingar. Sentralt i programmet står arbeid med ein konkret handlingsplan for kvar bokhandel.

Det har også blitt etablert ei besøksordning der bokhandelen får besøk av Merkur-konsulent. Vidare er det etablert ei omstillingsordning slik at bokhandelen kan få ekstra hjelp etter behov. Merkur arrangerer også fysiske eller digitale samlingar slik at bokhandlarane kan byggje opp nettverk, utveksle erfaringar og bli fagleg oppdaterte.

Dette tilbyr Merkur bok

Utviklingsprogram

Dette er først og fremst eit tilbod til nye bokhandlarar som ikkje har deltatt i Merkurs utviklingsprogram tidlegare.

Besøksordning

Merkur-konsulentane besøkjer bokhandlane ein gong for året og vil elles vere tilgjengelege for råd og hjelp.

Omstillingsordning

Merkur-konsulentane kan etter avtale ta på seg meir kompliserte oppdrag for einskilde bokhandlarar, evt. grupper av butikkar. Oppdraga kan vere knytt til eigarskifte, utbygging, nyetablering, offentlege innkjøp, samarbeid med kommunen eller liknande.

Regionale samlingar

Merkur Bok arrangerer webinar og regionale samlingar for bokhandlar.

Prosjekt-arbeid

Merkur-konsulentane kan etter godkjenning i programstyret gjennomføre større utviklingsprosjekt for ei gruppe bokhandlar.

Utviklingsstøtte

Bokhandlar kan etter visse reglar søkje om støtte til utvikling av bokhandelen som sosial og kulturell møteplass for lokalsamfunnet.

Vil du delta i Merkur bok?