Konferansane er ei oppfølging av Merkur utvikling, der kjøpmennene får inspirasjon og påfyll av ny kunnskap. Konferansane er også eit høve til å møte andre kjøpmenn frå same distrikt og byggje nettverk.
Merkur-konferansane er opne for representantar for kommunane og andre som er opptatt av bygdeutvikling og butikkutvikling. Butikk-kjedene blir invitert til konferansane.
Konferansane blir arrangert av den regionale Merkur-konsulenten. Dei fleste stader blir det arrangert årlege konferansar, over to dagar.