Handle lokalt

Merkur-programmet  ›  For nærbutikk  ›  Handle lokalt

Kampanje for lokal handel

Bli med på den nasjonale kampanjen for lokal handel som Merkur-programmet gjennomfører kvart år, under slagordet “Handle lokalt”. I 2024 blir Handle lokalt-dagen 12. oktober, men det er opp til butikken å avgjere når det passar best å gjennomføre den lokalt.

Bli med - få gratis kampanjemateriell

Merkur-butikkar får materiell tilsendt gratis. Vi tilbyr plakatar og klistremerke (bokmerke til bokhandlane). Fristen for å melde seg på og få fysisk materiell har gått ut. Du kan også laste ned digitalt materiell, til bruk på sosiale media og for utskrift.

Gode grunnar for å handle lokalt
Den lokale butikken er ikkje berre ein stad å handle. Den tek vare på folk og er ei drivkraft for gode lokalsamfunn. Kvifor skal vi handle lokalt?
Plakat med teksten "Handle lokalt", bilde av et par som bærer handleposer og tegninger som viser et lokalsamfunn. Nederst står teksten "På lag med lokalsamfunn i heile landet"
Slik ser Handle lokalt-plakaten ut i 2024.

Kampanjen fokuserer på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handels-lekkasjen og stimulere til meir lokal handel.

Gjennom denne kampanjen kan du både takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om butikken – og utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda eller småbyen. Lokal handel er ei investering i eit levande lokalsamfunn. I 2024 er Handle lokalt-dagen 12. oktober.

Lokalt samarbeid

Dei fleste butikkane markererer dagen ved å spandere kaffi, brus, is og kaker på kundane. Nokre butikkar går ut med spesielle tilbod. Andre nyttar anledninga til å invitere ordførar eller lokalavisa på besøk.

Merkur-programmet oppfordrar butikkane til å samarbeide med lokale lag og organisasjonar for å få til ei god markering av dagen. Nokre stader stiller bygdekvinnelag, ungdomslag, grendalag eller andre organisasjonar opp på butikken for å markere kor viktig butikken er for lokalsamfunnet. Fleire stader blir det lagt opp til underhaldning, quiz, konkurransar eller andre aktivitetar, i tillegg til servering.

Merkur-programmet jobbar for å utvikle daglegvarebutikkar i distrikta slik at dei kan gi eit best mogleg tilbod til kundane sine. Men det er like viktig at folk som bur på bygda, brukar lokalbutikken sin i størst mogleg grad. Slik kan kundane halde oppe levande lokalsamfunn, som kan vere attraktive både for dei som bur der i dag og dei som vurderer å etablere seg der.